Ein stille revolusjon er på gang i slumkvartera i sør. Millionar av kvinner og menn får ta opp små for å starta eiga verksemd. Slik kjem dei seg ut av fattigdomen ved hjelp av eigne talent og ressursar. Mikrofinans er namnet på satsinga. Den typiske lånetakaren kan til dømes være ei kvinne i slummen i ein av dei store byane i Afrika. Kanskje er ho åleine med ansvaret for fleire barn. Ho manglar fast inntekt og familien bur under elendige tilhøve. Barna får lite mat og er ofte sjuke. Men mora nektar å gi opp. Ho kjem i kontakt med ei enkel, grasrotbasert bank der ho får låne nok pengar til å starte ein liten butikk. Det er ikkje store summar ho får låne, men det er nok til at ho kan kjøpe inn det ho treng for å drive butikken. Kundane vert fleire og inntektene stig. Det same gjer kvinnas sjølvrespekt. Snart har ho råd til meir og betre mat til barna. Dermed held dei seg meir friske og kan halde fram på skulen. Dei eldste har allereie lagt planar for verksemder dei sjølve vil starte. Slik klatrar slekta ut av fattigdomen, steg for steg. Der er hundretusentals verkelege historier som liknar denne. Aktørane som låner ut pengar er gjerne organisert som frivillige organisasjonar. Ein av desse, Jamii Bora i Mathare-slummen i Nairobi i Kenya, har fått med seg 60000 fattige som medlemmer og lånetakarar sidan oppstarten i 1999. Organisasjonen når ut til fattigfolk som elles aldri ville ha fått pengar frå dei etablerte bankane i landet. Som i mange andre fattige land er arbeidsløysa høg i Kenya, og mange må skape seg eit levebrød sjølv for å kome seg ut av fattigdomen. Mikrofinans-låna er reiskapen som gjer det mogeleg å skaffe seg eit slikt levebrød. Grunntanken i mikrofinans-prosjekta er svært god: I staden for å verte avhengig av gåver frå rike land, kan dei fattige sjølve arbeide seg ut av fattigdomen ved at dei får tatt i bruk sine eigne ressursar og idear. Lokale sparekasser og næringsutvikling i det små var viktig då dei nordiske landa skulle arbeide seg ut av fattigdom. No tar fattige i utviklingslanda i bruk dei same verkemidla for å skape vekst og velferd. Noreg er ein del av mikrofinans-rørsla på ulike vis. Fleire norske bistandsorganisasjonar samlar inn pengar til utlånarane, til dømes samlar Strømmestiftelsen inn pengar som Jamii Bora i Kenya låner ut. KrF arbeider i regjering og på Stortinget for å gi dei fattige betre tilgang på kreditt. I Regjeringas handlingsplan mot fattigdom i sør forpliktar Noreg seg til å arbeide for dette, mellom anna gjennom mikrofinansprogram i regi av frivillige og andre organisasjonar.Mikrofinansen er eit tiltak som egner seg svært godt til å styrke kvinners stilling i samfunnet. Dobbelt så mange kvinner som menn lever i ekstrem fattigdom, altså for under ein dollar om dagen. Og erfaringar frå låneverksemda talar eit klart språk: Ofte lukkast kvinnene betre enn menn når det gjeld å arbeide seg ut av fattigdomen. Kvinnene er ofte nøysame og veit korleis ein må arbeide jamt og trutt for å klare seg i slummen. Mikrofinans er derfor ein viktig del i satsinga på kvinner og likestilling innan bistanden. Og mikrofinans er ein god reiskap for å skape levelege kår for seg og sine. KrF vil arbeide for at fleire kan få ta i bruk denne reiskapen.Jon LilletunParlamen-tarisk leiar i KrF