EVJE OG HORNNES: Det ser ut til å gå mot ein draumesommar for arbeidslysten ungdom i Setesdal. Akkurat nå har Aetat på Evje berre fire ungdomar som søkjer etter arbeid.— Vi har jobba intens for å få nok folk til sommarjobbane. Til enkelte jobbar har vi vore nøydde til å hente folk frå Kristiansand for å få nok folk, seier distriktsarbeidssjef Berit Usterud Haugen.Ho seier at dei som nå ikkje har arbeid alle er ungdom under 18 år.Det er spesielt i Valle problema har vore størst. Her har hotellnæringa streva med å få kvalifisert arbeidskraft. Og sidan det ikkje har vore nok lokal ungdom til jobbane har arbeidskontoret på Evje vore nøydde til å gå til andre arbeidskontor for å få arbeidskraft.- Før helga løyste det meste seg. Nå har vi ingen ledige jobbar og altså nesten ingen som søkjer arbeid, sier Berit Usterud Haugen.Ifølgje Usterud Haugen har det blitt stadig vanskelegare å skaffe arbeidskraft dei siste somrane.- Dette har snudd seg heilt dei siste åra. Det er ikkje lenge sidan det stod folk i kø for å få seg sommarjobb, seier ho.Enkelte ungdommar i Setesdal har det rett nok svært enkelt når dei skal ha seg jobb. I Valle og Bykle har nemleg kommunestyra gjort vedtak på at all ungdom i kommunen har rett på sommarjobb.