ÅSERAL: — Dette er eit heilt perfekt område. Du finn ikkje noko betre i heile Europa, seier Dieter Lagerstrøm, professor ved idrettshøgskulen i Køln.I slutten av august skal han vise fram Setesdalsheiane til akademikarar frå heile Europa. Målet er å prøve å få til ei europesik utdanning i friluftsliv. - Vi vil prøve å få til ei utdanning som kan godkjennast over heile Europa. I dag er det kun i Skandinavia at vi har ei slik utdanning, seier Lagerstrøm som opprinneleg er frå Søgne. Alt frå hausten får Høgskulen i Agder ei slik utdanning. Høgfjell

Også i dag kjem det tyske studentar til Agder for å få undervisning i friluftsliv. Dieter Lagerstrøm starta høgskuleutdanning i friluftsliv i Køln i 2000 og har undervisningsopplegg både ved kysten og på Bortelid. Han er overtydd om at Agder vil vere ein perfekt undervisningstad for fleire høgskular.- Her kan du kome deg frå kyst til fjell på ein time. Det er heilt unikt, seier Lagerstrøm.Til hausten kjem han med ei ny gruppe studentar. Dei skal mellom anna ro mellom Søgne og Kristiansnad. Amanuensisane og professorane som kjem i slutten av august skal bli med til Øyuvsbu i Setesdalsheiane. Dei vil også bli vist rundt i Kristiansand sine nærområde. Hvis dei blir samde om ei felles utdanning vert det bli mulig å ta den ogsåi Kristiansand.- Studentane kan ta den som ein del av ein master- eller bacjelorgrad. Friluftsliv kan vere ein del av ei reiselivsutdanning som kan ha både språk og marknadsføring, seier Lagerstrøm. Han meiner at ei friluftsutdanning vil heve nivået på dei som jobbar innanr turistnæringa. Nytt studium

Friluftslivsutdanninga som startar i Kristiansand til hausten ser ut tyil å bli svært populær. Heile 496 har søkt på dei 24 plassane ved Høgskulen i Agder (HiA). Dermed er utdanninga alle reie blitt eit av dei mest populære faga ved høgskulen.- Vi har sett at det er stor interesse blant studentane for friluftslivutdanning. På dette studiet har vi teke ein del av det vi tidlegare har hatt i årsstudiet innan idrett og bygd det vidare ut,seier Bjørn Monstad, studiedirektør ved Høgskolen i Agder.Studiet vil ha hovudvekt på vegleiing og formidling av naturkunnskap. I tillegg til dei norske studentane kjem det også til å kome studentar frå utanlandske høgskular. HiA har inngått utvekslingsavtalar med høgskular og universitet i Nederland, England og Tyskland.