EVJE OG HORNNES: — Vi må tenkje oss godt om. Vanstyret til denne regjeringa som seier ja til alt kan vi ikkje godta. Det er sveltihel denne husmannskontrakta som Gjønnes og Bondevik stelte i stand, seier Stein Uleberg på Hornnes. Senterpartimannen undrast om fullt EU-medlemskap kan vere einaste utvegen.Fædrelandsvennen reiste til tappestasjonen i Dåsnes for å sjå om ja-vinden har nådd bakrommet der nei-et vart feira ekstatisk i 1994. Her har gubbane sete pal rundt rullingsbordet sidan då. Likevel har det skjedd ting under capsen på fleire av dei etter kvart som EU vert utvida austover, og etter kvart som landbruk og primærnæring lid. Ryktet om at sjølv Stein Uleberg skal vere i ferd med å snu, vekkjer ei viss uro enno før han kjem til stades: For EU

— Det skjer ikkje under i dagslys. Det skal mykje til at dei snur i den sekta, seier Arve Tønnesland skråsikkert. Sjølv har han alltid vore ja-mann.- Eg er også for EU. Det har eg allstøtt vore, opplyser Dreng Homme.- Ja, men du er valldøl, påpeiker Odd Tom Risdal. Han er den einaste tydelege nei-mannen ved bordet denne formiddagen, men han pratar for tre. Heller ikkje Risdal er særleg nøgd med å måtte «liggje flat» for direktiva frå Brussel.- Kvifor kan vi ikkje stelle okke sjølve, spør han.- Du kan ikkje fiske fisken her og selje han i Øvrebø, informerer Homme.- Høhø. Du kan jo dra til Valle og ete han rå, meiner Risdal. Utglidande Uleberg

Odd Tom har vore i Latvia og sett korleis dei lever der. Han kan skjøne kvifor austeuropearane vil inn i EU.- Men kvifor skal vi vere i lag? Det he'kje vore syssa opp gjennom tidene, seier han.Det er her den utglidande senterpartimannen Stein Uleberg kjem inn i «kafeen» og bekreftar ryktet. Men helst ville han seie opp husmannskontrakten EØS:- Det er ingen som vil inn i EU av begeistring og lyst. Men no seier dei ja til alt frå EU. Det er det verste som kan skje. Regjeringa tør ikkje seie noko som helst, elles sprekk ho, seier han.- Ja, det er floka. Det er ikkje godt å bli klok på, medgjev Risdal.- Det er mykje som er gale når ein bonde i Skottland får betre betalt for lammekjøtet enn ein norsk bonde, seier Stein Uleberg. Gamalnorsk

— Det var godt sagt når du sa vi skulle melde oss ut av EØS og byrje å skrive gamalnorsk, seier Risdal til Tønnesland.- Men kva meiner du, du som er høgskuleutdanna og all tingen, fyrar han av mot Frank Uleberg, yngstemann ved bordet.- Eg har diskutert med slike som deg før. Det er 'kje vits. Dessutan må ein sjå an forumet, svarast det med ein skeiv flir frå andre bordenden.- Det er desse helsikes austlendingane som driv og handlar i Sverige og meiner at det skal vere eit argument. No drikk svenskane så mykje på grunn av EU at dei ikkje veit korleis dei skal handtere det, held Risdal fram.- Høyrde du den med «kjøp ei sjuliters kanne sprit og bli med i trekninga om ein førarhund», spør Tønnesland.- Du ville vel kjøpt ei Smirnoff om ho kosta sytti kroner på polet du også, spør Homme.- Nei. Sprit skal vere brunt, slår Stein Uleberg fast. - Må ordne opp sjølve

Homme er på veg frå ruspolitikk til storpolitikk:- Tenk på at heile Europa kunne vore samla, seier han.- No har amerikanarane redda oss to gonger. No må vi kunna ordne opp sjølve, seier Tønnesland.- Fred og fordragelegheit. Du minnest vel krigen, du, seier Homme til Risdal.- Ja, men det gjer'kje du. Då låg du i pungen til far din, repliserer Risdal.- Kan du setje grensa mellom sjølvråderett og nasjonalisme, undrar Tønnesland.- Den skilnaden er stor, meiner Homme. Tønnesland er ikkje like sikker:- For mange er dette meir religion enn noko anna. Men no kjenner dei på lommeboka at det kan vere betre å vere med i EU likevel.- Kor mange bønder er det igjen om ti år dersom dette held fram. Vi må hugse at vi er Europas gløymde juvel når det gjeld rekreasjon og natur, seier Stein Uleberg.- Det er berre Odd Tom igjen då, trur Homme.- Dei seier vi er dei einaste som følgjer EU-direktiva slavisk. Franskmennene les dei før dei kastar dei, medan italienarane kastar dei utan å ha lese dei. Det norske byråkratiet burde bli meir korrupt, flirar Stein Uleberg.- Og skal du først skrive noko herfrå må du få med noko om denne røykeloven. Det er reine taliban, seier Homme gjennom rullingsdampen.