• RISIKO: MS-sjuke Karina Haaland (26) frå Fitjar drog til Moskva for å få behandlinga Noreg ikkje vil gi henne. Utan stamcelletransplantasjon er risikoen stor for at ho hamnar i rullestol, meiner den russiske legen hennar.

«Dette er mitt einaste håp no. Eg føler verkeleg at det står om livet».

Karina Haaland (26) satsar alt på at eit sjukehus i Moskva kan redde henne.