STAVANGER: «Kvinne i Stavanger har ved et uhell gitt bilnøklene i stede for godteri til Halloween-unger. Håper å få dem igjen», var meldinga frå politiet måndag kveld.

Det vart raskt avslørt kven det dreia seg om.

– Det positive er at bilen er der. Eg ser på han no. Kona har gått rundt og kontakta Halloween-gjengar og forsøker å finne nøkkelen via foreldre, seier Torkelsen til Aftenbladet.

– Eg stod klar med nøklane fordi eg skulle levere bilen på verkstad. I farta kasta eg oppi både nøklar og snop, seier Anne Mette Hestad.

Må ete seg til nøklane

Komikaren seier dei heldige ungane var små og hadde veldig mykje snop.

– Dei må kanskje ete nokre kilo før dei finn nøklane. La oss berre håpe dei veit kva det er når dei finn den. Enkelte har spøka med at vi truleg får fullt hus under Halloween framover når ryktet om at vi delar ut bilar får spreidd seg.

Ingen lærdom

Den største haka ved situasjonen var at bilen skulle på verkstad, og utan nøkkel vert det vanskeleg å få til.

– Dette var reservenøkkelen. Kona mista dei andre nøklane for ei stund sidan. Det er på grensa til morosamt. No skal vi drikke vin og sjå TV-serie.

– Kva er lærdommen?

– Ingenting. Ho er distré og har ofte hovudet under arma, for å seie det slik. Men dette er ei ny utvikling, så eg lurer på kva det neste blir.

Ekteparet Anne Mette Hestad og Per Inge Torkelsen. Foto: Jonas Haarr Friestad