— Det blir ein utruleg spennande jobb, og eg er veldig glad for å få sjansen til å leia ein redaksjon og eit mediehus som kanskje aldri har vore betre enn det me er i dag. Eg vil takka for tilliten, seier ein fersk sjefredaktør. BTs tilsette blei informert om saka klokka 10.30 i formiddag, skriv BT.

Skal løfta dei store sakene

Hjertenes trekkjer fram at BT er det største mediehuset utanfor Oslo, og alt tyder på at han vil halda fram der forgjengar Gard Steiro slapp.

— Me utgjer den viktigste stemma utanfor hovudstaden. Verda ser annleis ut sett frå Bergen enn frå Oslo – derfor har BT stor verdi i det offentlege. Me skal vera ei motstemme i den nasjonale debatten, og me skal framleis løfta dei store og viktige sakene i vår region.

- Største endringar framfor oss

Hjertenes tar over leiinga i det som er ei turbulent tid for dei fleste mediehus. Bergens Tidende er ikkje noko unntak – både forgjengar Gard Steiro og tidlegare sjefredaktør Trine Eilertsen har styrt BT-skuta gjennom nedbemanning og omfattande endringar.

— Det er tidleg å slå fast kva som vil skje. BT kjem til å vera i omstilling ei god stund framover, det er klart. Men me har klart omstillingar før, og skal greia det igjen om det trengst. BT sin redaksjon består av dyktige, uredde og ambisiøse journalistar. Me har alle føresetnader for å lukkast i åra som kjem. Min ambisjon er at BT òg i ei digital framtid skal spela ei vesentleg rolle på Vestlandet.

Styreleiar: - Ein moderne medieleiar

Styreleiar Didrik Munch i Bergens Tidende meiner ingen kjenner BT sine utfordringar betre enn Øyulf Hjertenes, og er overtydd om at han har alle føresetnader for å leia Vestlandets største mediehus i ei digital framtid.

— I dei ulike rollene Øyulf har hatt i BT har han dokumentert solide leiareigenskapar. Han nyter brei tillit i mediehuset, har brei journalistisk erfaring, og har heile tida arbeidd tett på miljø som har utforma digitale medieprodukt for framtida. Han er ein moderne medieleiar, seier Munch.

Øyulf Hjertenes er opphavleg frå Florø, og kjem frå stillinga som utviklingsredaktør i BT. Han har vore fast tilsett i mediehuset sidan 2005, og har erfaring frå ei rekke stillingar internt. Mellom anna har han vore redaksjonssjef, utgåvesjef og nyhendeleiar i tillegg til å vera journalist. Han er utdanna siviløkonom og cand. oecon frå NHH, og har òg jobba som journalist i Dagbladet, Bergensavisen og Firda.