Familien vart slakta ned ved ein motorveg i USA. Peter (2) var den einaste som overlevde.

Den lyse aprildagen var i ferd med å mørkne då ein kremfarga Dodge Van svingte inn på rasteplassen ved Interstate 181 i Greeneville, Tennesse. Eit par med to små barn steig ut av bilen. Det var sundag 6. april 1997, og familien Lillelid var på veg heim.

Faren, Vidar (34), kom frå Ytre Sandviken i Bergen. Ein eventyrlysten mann, som emigrerte til USA i 1985. Han budde først i Miami, der han møtte Delfina (28) frå New Jersey, med røter i Honduras. Som Vidar var ho eit truande, dedikert medlem av Jehovas vitner. Dei gifta seg i 1989.

Då Delfina og Vidar fekk sitt første barn, Tabitha, ville dei bort frå Miami. I Powell, like ved Knoxville, Tennesse, fann paret det dei leita etter. Ein trygg stad å vekse opp for barna, bortanfor storbykriminalitet og narkotika.

To år seinare kom Peter til verda.

Familien på fire hadde tilbrakt helga på ei Jehovas vitner-samling i Johnson city, to timar frå Powell. Dei var halvvegs heime då dei stoppa på rasteplassen, og slitne. Vesle Peter på to år hadde øyreverk og var uroleg. Kanskje la dei ikkje merke til den blå Chevrolet’en som parkerte like etterpå.

Vidar og Delfina hadde ei travel tid framfor seg. Han skulle på jobb som portør på Holiday Inn i Knoxville. Ho skulle undervise Tabitha på seks år heime, slik ein del sterkt truande amerikanarar gjer, og jobbe for kyrkja dei tilhøyrde. Paret var dessutan i ferd med å pusse opp eit 50 år gammalt hus, og om ein månad skulle heile familien til Bergen. Barna skulle få møte sine norske slektningar.

Vidar Lillelid hadde ord på seg som ein utadvendt og likandes type, som hadde lett for å kome i kontakt med folk. Han hadde alltid religiøse flygeblad på seg. Å gi vitnesbyrd og forkynne den rette læra for kjende og ukjende, er sentralt for Jehovas vitner. Det var også hovudtemaet på stemnet dei nettopp kom frå.

Vidar og Peter venta på Delfina og Tabitha utanfor toalettet, då to svartkledde jenter kom ut. Venninnene var på rømmen. Dei ville vekk frå politi, foreldre og eit samfunn dei hata. Målet var Mexico.

Dei reiste med fire andre ungdommar frå Paintsville, Kentucky; alle mellom 14 og 20 år. I den blå Chevrolet’en hadde dei våpen, ammunisjon og 500 dollar, som dei stal frå ein politimann før dei stakk heimefrå.

18-åringen Natasha Cornett hadde nattsvart hår og piercing i ansiktet, eksperimenterte med okkultisme og kalla seg Satans dotter. Ho var 13 år første gong ho skal ha prøvd å ta livet sitt, 14 då ho truga mora med kniv og 15 då ho fekk diagnosen manisk depressiv. Natasha kutta armane med barberblad, sleikte i seg blodet, og fantaserte om å leve som hovudpersonane i yndlingsfilmen «Natural born killers».

Ho skal ha spurt vener om å bli med på eit tokt for å rane og drepe folk, for deretter å dra til Mexico. Der ville dei ikkje bli utleverte til USA, meinte ho.

Også Karen Howell (17), som Natasha omtalte som sin sjeleven, var fascinert av satanisme. Vitne fortalde seinare at gjengen hadde arrangert svart messe på eit motellrom undervegs til Mexico, alle iført svart sminke. Dei skar seg opp med barberblad, blanda blodet og drakk det.

Ute på plassen tok ein smilande Vidar Lillelid kontakt med jentene. Med brei aksent spurde han om dei kjende til Gud og Bibelen. Han skal ha vore i ferd med å ta fram flygeblad, då to ungdommar til kom bort.

Joseph Risner, 20 år og eldst av rømlingane, hadde lagt merke til familien Lillelid då dei gjekk ut av bilen. Joseph var uroleg. For ein time sidan hadde han fått fartsbot. Hvis politi eller foreldre leita etter dei, ville det ikkje bli vanskeleg å finne bilen. Dessutan var Chevrolet’en, som var registrert på mor hans, i ferd med å bryte saman.

«Vil de vite meir om Gud?» skal Vidar Lillelid ha spurt.

«Eh, greitt», svarte Joseph.

Delfina og Tabitha kom ut, og ungdommane vart med bort til eit bord for å prate. Med Peter på fanget, tok Vidar til å fortelje om Jehovas Vitner. Joseph gjekk for å hente noko i bilen.

«Vi skal gjere noko», skal Joseph ha kviskra til dei to som hadde blitt igjen i baksetet, «berre ver klare».

Vidar snakka framleis då 20-åringen kom tilbake med ein 9 mm pistol.

«Hvis alle er stille, kjem ingenting til å skje. Alt vi treng er bilen», sa Joseph.

Like etter svingte to bilar ut av rasteplassen. Ein blå Chevrolet og ein kremfarga Dodge.

Same kveld fekk politiet fleire meldingar om skotsalvar på ein grusveg fem kilometer unna. Ein nabo hadde sett to bilar køyre inn, men berre ein køyre ut. Då politiet kom, stod ein tom, blå Chevrolet fast i gjørma.

I grøftekanten låg fire kroppar, to store med to små i armane, med 17 pistolkuler i seg. Kroppane var også overkøyrde av bil.

Dei to vaksne var døde. Jenta levde, men vart erklært død på sjukehuset i Knoxville få timar seinare.

Minstemann låg tett samankrølla inntil mammas kropp med ansiktet vendt ned i gjørma. Den blonde pjokken hadde fått ei kule gjennom auget, ei gjennom brystet. Då ein politimann rørte ved han, tok guten til å gråte.

Peter var i live.

Politimannen stod der i grøfta, med barnet i armane, heilt til ambulansen kom. Han prøvde å trøyste guten.

«Ingen skal skade deg, alt blir bra».

To dagar seinare vart ein Dodge Van stoppa på grensa til Mexico. Bilen med ein svartkledd, uflidd gjeng med piercingar i ansikt og øyre, vekte mistanke. Politiet undersøkte registreringsnummeret og gav dei seks ordre om å gå ut av bilen.

Inni fann politiet personsøkaren til Vidar Lillelid, familiefoto og leiker. Ein av ungdommane hadde ein bit av Vidars belte på seg, ein annan husnøklane og ein tredje låsen på Hello Kitty-dagboka til Tabitha. Seinare, i retten, skulle aktor hevde at dei tok vare på gjenstandane som drapstrofé.

Dei seks vart varetektsfengsla i Cochise County i Arizona. Då dei vart registrerte, fekk alle spørsmål om religion.

«Satan», svarte Natasha.

Arrestasjonane skapte voldsomme reaksjonar og enorm medieinteresse, ikkje berre i USA, men i Vidars heimland. «Morderne fascinert av demoner» var tittelen i Dagbladet like etter. «Familie myrdet med kaldt blod», skreiv BT.

I USA gjekk stemninga raskt frå sjokk og sorg til sinne, og mange ropte på dødsstraff. I Knoxville sette ein butikkeigar opp ein galge utanfor med seks renneløkker.

Skjellsorda hagla då dei fire eldste ungdommane vart utleverte til Tennessee og frakta til fengselet i Greeneville i kvar sin sivile politibil. Rundt hundre menneske hadde møtt fram utanfor fengselsporten. Natasha, av fleire utpeikt som leiar av drapsgjengen, med nakne armar fulle av djupe knivkutt, stirra stivt i bakken på veg inn. Det var lynsjestemning.

«Kryp! Barnemordarar! Brenn i helvete!»

Statsadvokat Berkeley Bell tok raskt til orde for dødsstraff for dei fire eldste, sjølv om staten Tennessee ikkje hadde dømt nokon til døden på 35 år.

«Dette er ei spesielt bestialsk sak, og nettopp i slike tilfelle bør vi ta i bruk den elektriske stol for å fullbyrde dødsstraffa», sa Bell.

Vidars tre søsken drog rett frå flyplassen til gravferdsbyrået, og derifrå til Peter på sjukehuset. Tilstanden var framleis kritisk. Legane kjempa for livet til toåringen. Dei klarte ikkje å redde høgre auge, men BTs journalist i Tennessee rapporterte at mirakelguten kom seg for kvar dag.

«Han har spist og snakket, han hører og ser. Han kan bevege hode og armer, og han har også hatt reaksjoner i beina».

Skyhøge amerikanske sjukehusrekningar vart aldri eit problem. Knoxville-distriktet var i opprør over dei brutale drapa. Mange, ikkje minst frå Jehovas Vitner-samfunnet, ønskte å hjelpe den einaste gjenlevande, og ei pengeinnsamling sikra topp medisinsk behandling.

Peter var blitt eit symbol på liv og håp.

Men kven skulle overta foreldreansvaret for den einaste gjenlevande? I media var spekulasjonane for lengst i gang.

Naturleg nok ønskte slektningar både på mors- og farssida å overta omsorga for Peter. Men berre ein part kunne få ønsket oppfylt. Søskena til Vidar meinte at Peter burde bu hos tante Randi.

Randi Heier, søster til Vidar, var gift med Odd og budde i Sigtuna utanfor Stockholm. Som Vidar, var også Randi med i Jehovas Vitner. Då Vidar levde, hadde han gitt uttrykk for at det var viktig for han at ungane fekk vekse opp som Jehovas vitner, dersom noko alvorleg skulle skje.

Mormor i Miami meinte på si side at Peter var mest knytt til henne, og at det var til barnebarnets beste at han flytta til henne i Florida.

Konflikten tilspissa seg. For at ingen skulle stikke av med Peter, sat to politifolk til ei kvar tid utanfor rommet hans.

Då striden om foreldreretten kom opp for domstolen i juli 1997, fekk tante Randi uventa superhjelp. Christopher Reeve, Hollywood-skodespelaren som vart verdsberømt som Supermann, hadde blitt lam etter ei rideulykke. Reeve kjempa for å kome seg tilbake, og det hadde gjort han til nasjonalhelt i USA.

«Peter og eg har felles skjebne: Vi har begge overlevd alvorlege skader i ryggmargen. Derfor er det avgjerande at Peter får den beste behandlinga verda kan tilby», skreiv Reeve til retten og skrytte Karolinska sjukhuset i Stockholm opp i skyene.

Dommaren kom fram til at Peter skulle bu hos Randi og Odd Heier, ikkje minst fordi han ville få eit oppvekstmiljø der som likna det han kom frå.

Like etter sat toåringen på flyet.

Journalistar frå Knoxville til Noreg sat i salen då den tv-overførte rettsprosessen starta i mars året etter. Alle seks sat på tiltalebenken.

«Dei reiste saman, dei drap saman, dei skal sitje i retten saman», sa statsadvokat Bell.

Like før saka skulle opp, tilstod alle at dei var skuldige i drap, og dei sa frå seg retten til å anke skuldspørsmålet for framtida. Til gjengjeld trekte aktor kravet om dødsstraff.

I retten skulda alle på alle, men sidan dei hadde teke kollektivt ansvar for ugjerninga, behøvde ikkje påtalemakta å bevise kven som hadde gjort kva. Lova i Tennessee var klar: Å vere delaktig i eit brotsverk som fører til drap, er å vere skuldig i drap, uansett.

I dagane før drapstoktet, fortalde vitne, hadde Natasha teke initiativ til drikking av blod og dommedagsprat. Ho utførte satanistiske ritual som krinsa rundt symbolske trekantmønster. Både Vidare og Delfina Lillelid hadde skotsår i trekantform. Aktor meir enn antyda at Natasha hadde avfyrt akkurat dei skota.

I rettssalen fortalde ungdommane frå eit fattig distrikt i fjella søraust i Kentucky, om barneår prega av rusmisbruk, overgrep og mishandling. Dei kom frå familiar i ein sosial underklasse som ofte blir referert til som «white trash»; kvite utan status og moral, og med minimale økonomiske ressursar.

Det var ingen nåde. Alle vart dømde til 205 år kvar i fengsel.

Dei er blitt vaksne bak murane. Nyleg bad Karen Howell, som var mindrårig då ho sa seg skuldig i drap, om å få saka si behandla på nytt. Sist veke fekk ho avslag frå dommaren. Den yngste, Jason Bryant, som var 15 år, har inne søknad om redusert straff.

20 år etter motorvegmassakren i Tennessee, er det framleis berre desse seks som veit sikkert kven som avfyrte skota mot familien Lillelid.

– Det som skjedde med meg og familien min, kunne ha hendt kven som helst. Det var den amerikanske draumen som møtte det amerikanske marerittet, seier Peter Heier.

22-åringen går over golvet i det luftige funkishuset i Anna Vasas väg. I den eine handa har han kaffikanna, i den andre ei krykke. Her, i Sigtuna utanfor Stockholm, hos Randi og Odd Heier, har Peter vokst opp. Dette er det einaste livet han kjenner. Peter hugsar ingenting frå sine to første leveår i Tennessee.

– Eg har alltid visst om det som skjedde, men har ingen andre referansar enn det livet eg lever her. Eg har alltid visst at det ikkje var slik det begynte, men det gjer meg ikkje ulykkeleg i dag. Eg har fått alt eg treng. Då eg kom til familien i Norden, var alle overbevist om at det kom til å gå bra med meg. Og det har det gjort.

Men kroppen vart merkt for livet av pistolkulene. Høgre auge er kunstig. På vaskerommet står rullestolen, som Peter brukar når han skal flytte seg over lengre avstandar. Elles klarar han seg med krykkene.

– Eg har visse fysiske avgrensingar, men lærte i oppveksten ikkje å la meg hindre i å gjere det eg vil. Eg har levd eit normalt liv og fått mykje støtte frå slekt og vener som har kjent til det som skjedde, og brydd seg om meg. Det har styrkt meg, og eg har god kontakt med slekta i USA og Bergen.

Peter har dobbelt statsborgarskap. Han er svensk og amerikansk. Han viser fram det midlertidige passet norske styresmakter skaffa han i 1997.

– Du grein og ville absolutt ikkje bli fotografert da vi skulle ta passfoto. Eg måtte halde deg fast, seier Randi Heier.

Alt før ho sette seg på flyet til USA i 1997 for å delta i gravferda til broren, svigerinna og niesa, var Randi fast bestemt. Ho hadde ikkje møtt Vidars yngste barn, men var klar på at Peter måtte til Norden, anten til henne i Stockholm, eller til søstera eller broren i Bergen. Før ho reiste, kontakta ho både den norske og amerikanske ambassaden med spørsmål om korleis ho kunne få ein amerikansk statsborgar ut av USA.

Rett etter gravferda i Knoxville hadde Vidars tre sysken familieråd, og vart einige om at Peter skulle til henne i Sverige. Randi vann kampen i retten, men forstår svært godt at mormor i USA ønskte det same.

– Mormor er mormor. Eg er blitt mormor sjølv, og forstår korleis ho må ha hatt det. Ho hadde mista eit barn og eit barnebarn, og no kunne det andre barnebarnet forsvinne. Dei kom på besøk i Sverige like etter at vi var tilbake, og vi har eit svært godt forhold.

Peter har besøkt slektningane i Bergen og USA mange gonger. Alt det første året i Sverige kom han på bergensbesøk. Som tenåring reiste han ofte aleine til slekta i Bergen, og han har vore både på Fløyen, Ulriken og fisketurar i vestlandsfjordane. I USA har han spesielt tett kontakt med tanta i New York.

– Det er eg glad for, og eg kunne sikkert hatt eit godt liv i USA, også. Alle som har brydd seg om meg, har forteneste av at det har gått så bra som det har. Det varmar hjartet mitt at menneske ikkje har gløymt det som skjedde, og framleis bryr seg, fortel Peter.

– På kva måte er familien prega i dag av det som skjedde?

– Vi vil aldri gløyme det og skulle ønskt det annleis. Det einaste positive med tragedien er at vi har ein son på 22 år som vi elskar, og er så glade for å ha. Peter er ein glad, pigg og superoptimistisk type. Ingenting er umogeleg, han gjer det han vil, seier mamma.

– Men no er det gått 20 år. Vi kan ikkje drive å elte og kna på det som skjedde i det uendelege, og det påverkar ikkje dagleglivet vårt lengre.

Han som vart kalla mirakelguten, er nettopp ferdig med IT-utdanning. No er han på jobbjakt. 22-åringen har tenkt mykje på korleis livet ville vore om familien hans ikkje hadde vore på feil plass til feil tid. Han har også tenkt på dei seks gjerningspersonane.

– Korleis kunne dei finne på å skyte ned ein familie? Den eldste var på min alder då det skjedde. Eg er glad for at alle er i fengsel på livstid, slik at dei ikkje er til fare for andre, seier Peter Heier.

– Eg ser for meg at eg ein gong skal møte dei som gjorde dette. Når og korleis gjenstår å sjå, men ein dag skal eg gjere det.

KJELDER: Denne artikkelen er bygd på informasjon frå USA Today, News Sentinel, BT, NTB, VG, Dagbladet, Aftenposten samt intervju.

Les hele saken med abonnement

Fædrelandsvennen ønsker en god og åpen debatt. Her kan du bidra med din mening.