Namn: Ingri Dymbe Birkeland (35) Blei sjuk: 10. mars

I sommar syntest småbarnsmora på Skjold at ho hadde så dårleg ande. Ho pussa og pussa, men den vonde lukta gjekk ikkje bort.

Før ho til slutt oppdaga kvifor.

– Det var tannkremen som for meg lukta veldig dårleg. Slik var det også med kaffi, seier Ingri Dymbe Birkeland.

I tillegg til den forvrengde luktesansen, blei det tyngre å gå i motbakkar. Ho måtte stadig ta pausar og sovna tvert etter ein kort tur på leikeplassen med yngstedottera.

Då var tre månadar gått sidan 12. mars, tidspunktet ho låg febersjuk heime på sofaen mens Erna Solberg stengde ned landet.

– Det var så enormt, det som skjedde rundt meg. Eg leste nye dommedagsprofetiar kvar time. Det verste med å vere sjuk då, var trykket utanfrå og ideen om at dette kanskje gjaldt meg òg.

– Det var ekkelt å gå frå at eg følte at eg var i god form i mai, til å bli betydeleg dårlegare, seier Ingri Dymbe Birkeland.

Ho hadde feber, vondt i halsen og var veldig slapp. Men på den tida skulle det meir til for å få teste seg. 35-åringen hadde ikkje vore i utlandet, berre på teater i Bergen. Og var ho eigentleg tungpusten?

Ho gjekk i trappene for å teste.

Beskjeden frå helsevesenet var at det truleg var forkjøling, men at ho skulle halde seg heime til ho blei frisk.

Birkeland vende etter kvart tilbake til kvardagen, sjølv om luktesansen uteblei og trykket i brystet hang i. Ein blodprøve synte at det var covid-19 ho hadde hatt.

I ein periode kjende 35-åringen seg betre og kunne ta opp igjen litt trening og turar. Det blei kortvarig.

– Det var ekkelt å gå frå at eg følte at eg var i god form i mai, til å bli betydeleg dårlegare.

Då sommarferien var ferdig, var ho heilt utlada.

Delvis sjukmeldt fekk ho astmamedisin for å hjelpe på pusten. Fastlegen gav ordre om at kroppen skulle heilt ned i aktivitetsnivå. For den vanlegvis aktive 35-åringen var det merkeleg å ligge på sofaen på dagtid med australsk såpeserie på skjermen.

I haust, eit halvt år etter at ho blei smitta, blei ho forkjølt i ei veke.

– Då forkjølinga slapp taket, slapp også alt anna. Det er veldig rart.

– Eg kan framleis kjenne at eg blir sliten etter store anstrengelsar som heildagstur. Men det viktigaste er at eg er ikkje er utmatta eller trøytt. Eg har overskot.

– No kjenner eg meg bra, men kan det slå tilbake igjen? Det er ei viss usikkerheit der, seier Ingri Dymbe Birkeland.

Forskarane veit førebels lite om korleis korona påverkar oss på lang sikt. Gruppa vi har mest kunnskap om, er dei som blei hardast ramma i vår.

Norsk pandemiregister i Helse Bergen undersøkjer nemleg korleis det går med alle norske pasientar som har vore innlagt på sjukehus med covid-19. Tre månader etter innlegging sleit halvparten med tung pust.

Overlege Eirik Alnes Buanes, som leiar pandemiregisteret, har henta ut nye data for BT som viser situasjonen etter eit halvt år:

Halvparten av pasientane svarer framleis at dei har ein grad av tung pust ved aktivitet.

Om lag ein av tre pasientar rapporterer også problem med gonge og vanlege gjeremål, ifølgje Buanes.

– Eg er vand med å ha lungebetennelse, og eg kjende at dette gjekk ikkje.

Namn: Kari Bakke Nævdal (71) Blei sjuk: 8. mars

Kari Bakke Nævdal var ein av dei første koronasjuke som blei innlagd på Haukeland.

Vanlegvis ville Kari Bakke Nævdal brukt store deler av sommaren i hagen på Lindås. Ho hadde gleda seg til å stelle dei fargerike beda utanfor huset.

I år orka ho ikkje. Ho var fullstendig utmatta.

Då ho blei sjuk i byrjinga av mars, låg 71-åringen strak ut i senga. Ho kjende at ho ikkje fekk nok oksygen.

Ho hadde slite med lungene i mange år, men dette var noko anna.

Nævdal og mannen hadde kome til Norge nokre dagar tidlegare. Dei hadde vore i feriebustaden sin i Spania då pandemien gjorde at dei ville reise heim.

4. mars sette ekteparet seg på flyet. Dei var heldige og fekk ei seterekke for seg sjølve.

Heime i Lindås, eit par dagar seinare, blei begge sjuke.

– Først fekk eg feber og veldig vondt i hovudet. Eg var så dårleg at eg berre låg i senga.

Sidan 71-åringen har lungeproblem og blir rekna for å vere i risikogruppa, kom ein lege heim til ekteparet og testa dei på trappa utanfor huset.

Legen gav beskjed om at dersom ho blei dårlegare, måtte ho kontakte legevakta igjen.

– Eg er vand med å ha lungebetennelse, og eg kjende at dette gjekk ikkje. Vi orka ikkje å ete, og eg hadde lite oksygen.

Smaks- og luktesans var sterkt redusert. Nævdal hadde ei vond tørrhoste.

Ekteparet blei frakta til Haukeland sjukehus, der dei blei covid-19-pasient nummer to og tre.

– Først fekk eg feber og veldig vondt i hovudet. Eg var så dårleg at eg berre låg i senga, seier 71-åringen.

På sjukehuset fekk 71-åringen oksygentilførsel, men slapp unna respirator. Det same gjorde mannen.

Etter åtte dagar på sjukehus, blei dei sendt heim. Lungelegen kommenterte seinare at ho var utruleg heldig som hadde greidd seg, fortel ho.

Men Nævdal var langt frå frisk då ho reiste heim.

– Det har vore ein uvanleg sommar. Eg kom meg ikkje heilt på beina igjen. Eg orka nesten ingenting. Først i oktober letna det noko.

Utmattinga har vore det verste, seier ho.

– Dette er ikkje berre ein vanleg influensa, det varar lenge. Men eg har vore heldig, og eg er så glad for at eg overlevde. Det kunne gått mykje verre.

Den store majoriteten av koronasmitta vert aldri innlagt på sjukehus, slik Nævdal blei. Denne gruppa veit vi mindre om. Fleire forskar på dei, blant anna i CovidNord-studien, men resultata er ikkje klare.

Arne Søraas leiar Den store koronastudien, der over 100.000 nordmenn i tre omgangar har svart på eit spørjeskjema.

– Dei fleste som har hatt korona, blir heilt friske. Men vi får inntrykk av at sjukdommen for somme gir langtidsverknader som liknar kyssesjuka, seier Søraas.

– Eg kjenner meg skålda i halsen

Namn: Birger Norderud Lærum (55) Blei sjuk: 8. september

Til dagleg er Birger Norderud Lærum sjef på koronaklinikken. I jobbsamanheng meiner han det gir nyttig innsikt å ha kjent korona på eigen kropp.

– Eg blei ikkje hardt ramma i lungene, likevel har eg ei kjensle av at noko raspar. Eg kjenner meg skålda i halsen, som om eg har drukke mykje varmt for fort.

Birger Norderud Lærum er tilbake i full jobb som sjef på koronaklinikken i Bergen kommune, men halsen er framleis sår. Han blir fortare sliten.

Arbeidsdagen er difor kortare og i rolegare tempo. Når han kjem heim, kviler han.

Øving i Fana Big Band har han måtte utsetje heilt til nyleg. Blåste han alt han kunne på basstrombona, hosta han langt utover kvelden og natta. Han ser på det som eit steg på vegen mot å bli frisk, og merkar betring veke for veke.

Lærum var på jobb på koronaklinikken i september då han fekk vite at kona var blitt sjuk. Sjølv kjende han seg heilt frisk, men testa seg og gjekk rett heim i karantene.

– Allereie neste kveld sa det pang, med hovudpine, muskelverk og nasesnue. Eg kjende meg utslått, sløv og litt vekke.

Han fekk ikkje heilt med seg når telefonen ringde og mista styring på tida. At koronasjefen var blitt smitta blei omtala i BT. Lærum opplevde eksponeringa i media som ubehageleg, sjølv om han hadde gitt sitt samtykke.

Han blei sengeliggande i ti dagar. Klinikksjefen var uroa for at han skulle bli sjukehuspasient. Han visste godt kor uforutsigbar korona er, og tilhøyrer dessutan ei risikogruppe.

– Det er den tyngste influensaen eg har hatt nokon gong.

– Viss det at eg fortel om det kan hjelpe andre til forståing, både for dei som er sjuke, og for at vi må halde oppe godt smittevern, så er det verdt det. Smittevern fungerer, seier Lærum.

Familie, vener og kollegaer blei sett i karantene. Ekteparet praktiserte strengt smittevern i heimen. Middag åt dei på fire meters avstand frå dottera. Letta var stor då ingen andre blei smitta.

Sjølv om feberen slapp taket, sat trøyttleiken i. Lærum var byrja å kome til hektene då Donald Trump uttalte at folk ikkje skal vere redd for covid-19.

– Det er provoserande. Det er grunn til å frykte korona. Det er ein tøff sjukdom. Du veit ikkje kva som skjer med deg når du får det. Kanskje er du forkjøla berre ein dag. Men sjølv om du er ung, kan du bli kraftig influensasjuk og måtte på intensiven.

Det er sterke haldepunkt for at ein del av dei som får covid-19 får langvarige symptom, men kor mange veit vi ikkje endå. Det seier Kari Tveito, medisinsk redaktør i Tidsskriftet for Legeforeningen.

– Det har kome mange historier frå pasientar, også blant unge med milde forløp, om uforklarlege, uventa og forvirrande sjukdomsgang.

Under emneknaggen «longcovid» deler mange sine sjukdomserfaringar i sosiale media. Her er det også historier om pasientar som opplever at dei ikkje bli trudd i møte med helsevesenet. Dei får høyre at plagene er psykiske eller kjem av stress.

I arbeidet med denne artikkelen har fleire pasientar vegra seg for å stille opp av same grunn.

– Ein skal ikkje skremme folk til å tru at alle blir sjuke, slik at folk skal kjenne for mykje etter. Men ei anna felle er å ikkje ta folk på alvor. Som utgangspunkt må ein ha grunnleggande tillit når nokon seier at kroppen ikkje fungerer som før. Det er pasienten som er den beste til å kjenne, seier legen.

– Eg kunne ete kva som helst, men ingenting smaka noko.

Namn: Dag Thomassen (48) Blei sjuk: Første veka i september

Thomassen kjende at han blei raskare trøytt då han tok med hunden Luna på rypejakt etter at han hadde vore sjuk.

– Eg blir mykje raskare sliten. Eg er vanlegvis i god form, men no pustar og pesar eg etter å ha gått opp ei trapp.

Dag Thomassen tenkte ikkje noko særleg over at han hadde smått vondt i halsen på veg til jobben ved Betanien sjukehus.

– Smittevernet er veldig godt, og eg sat for det meste åleine på kontoret den dagen.

Då han kom heim frå jobb, blei han ringt opp med beskjed om at han var nærkontakt med ein som var koronasmitta. Thomassen testa seg, og fekk raskt konstatert at også han var smitta.

– Eg smitta heldigvis ingen ved Betanien, men eg blei raskt sjukare. Lukt- og smakssansane forsvann med ein gong.

Dei første to vekene kjendest det som ein mild influensa, fortel han. Men så byrja formen å svinge.

Somme dagar trudde han at han var blitt frisk. Formen var på topp. På få minuttar kunne det snu tvert om, og han kjende seg utmatta igjen.

Fire veker etter at han blei smitta, var lukt- og smakssansane framleis vekke.

– Eg kunne ete kva som helst, men ingenting smaka noko. Eg tok meg av og til ein sjokolade etter gammal vane, men det kunne like godt vore kneippbrød eg åt. Det smakte verkeleg ingenting.

I dag reknar han seg for å vere frisk, men slit framleis med tung pust.

Då han tok med seg hunden Luna på rypejakt, måtte han ta mange pausar. På eit tidspunkt blei han så trøytt at han måtte legge seg ned.

– Det har aldri skjedd før.

Han reknar seg likevel for å vere heldig.

– Sjølv om ein kanskje må slite ei stund med denne sjukdomen, går det jo ofte bra likevel.

Lukt- og smakssansane forsvann med ein gong Dag Thomassen blei sjuk.

Fleire land har fått på plass kliniske retningslinjer for oppfølging av koronapasientar. Etter modell frå Storbritannia, er det utarbeida ein rettleiar for norske fastlegar.

– Vi tek imot pasientar som har seinskadar eller etterverknader etter covid-19 og hjelper dei så godt vi kan ut frå behov. Det vil alltid vere døme på pasientar som diverre ikkje har blitt godt varetekne, og spesielt i starten av pandemien var det lite vi visste om dette. Heldigvis har vi meir kunnskap no, seier Marte Kvittum Tangen, leiar i Norsk foreining for allmennmedisin.

– Det å lære seg nye ting er plutseleg blitt så vanskeleg. Av og til har eg nesten lurt på om eg er i ferd med å bli gal.

Namn: Akkelies van Nes (52) Blei sjuk: 16. Mars

Professor Akkelies van Nes seier at det verste med å få covid-19 var konsentrasjonsvanskar i mange månader etter at ho blei smitta. Foto: Dutch Photo Agency

Meir enn åtte månader etter at van Nes blei koronasjuk, slit professoren framleis mykje med konsentrasjonen.

52-åringen pendlar mellom Bergen og Nederland, der kjærasten bur. Ho skulle eigentleg heim til Norge i mars, men fire dagar etter at Norge stengde ned som følgje av pandemien, blei ho sjuk.

– Eg fekk ei voldsom tørrhoste. Det kjendest som om lungene vrengde seg.

Dagen etter fekk ho feber. Så forsvann både smak- og luktesans.

Etter nokre veker byrja ho å tilsette sterk chili i all mat ho laga, i håp om at det skulle smake noko. Det skulle gå kring halvanna månad før ho kunne lukte og smake noko som helst.

Hosten sat i enda lenger.

– Det var kraftig tørrhoste i over to månader. Då den gav seg, trudde eg at eg var i ferd med å bli frisk. Det var ikkje tilfelle.

52-åringen var fullstendig utmatta.

– Det kognitive var utan tvil det verste. Eg har ein jobb som gjer at eg må bruke hovudet mykje, men eg greidde ikkje fokusere på fleire ting på éin gong.

I dag, åtte månader seinare kan det framleis låse seg, seier ho.

– Det å lære seg nye ting er plutseleg blitt så vanskeleg. Av og til har eg nesten lurt på om eg er i ferd med å bli gal.

Akkelies van Nes seier ho kjenner seg heldig, trass i at ho har vore dårleg fleire månader etter at ho blei koronasjuk. Foto: Dutch Photo Agency

Då van Nes kom til Noreg i august, oppsøkte ho lege. Det beste rådet ho fekk, var å unngå stress og vere klar over grensene sine. Ho har sjølv fortalt studentane ho underviser ved Høgskulen på Vestlandet at ho har vore koronasjuk, og at formen ikkje er tilbake der den var i forkant.

– Eg merkar at det sakte, men sikkert går framover. Men eg er langt frå frisk.

På mange måtar kjenner ho seg likevel heldig, seier ho.

Ein god ven av ho døydde som følgje av korona, 54 år gammal.

– Det er så viktig å ta dette på alvor. Ein anar ikkje kor hardt det kan ramme.