– Huset er frå 1905, og det er totalt 56 rom med stort og smått.

Me er på besøk hos Monica Halsteinsgard Kaasa og Per Hestetun på Valen gard mellom Hørte og Bø. Bare tunet på Valen er imponerande, og me gler oss til omvising i våningshuset, som ser ut som eit storslått herregardshus.

Sjå bileteserie lenger ned i saken.

Per har vokse opp på Valen, overtok våningshuset i 2014 og er nå 12. generasjons drivar av Valen gard.

Delt i to

I tillegg til det staselege hovudhuset er det blant anna to stabbur, låve og ein kårbolig på gardstunet. Inne i daglegstova til Monica og Per får me litt historie frå Valen.

– Huset var opphavleg bygd i sveitserstil, men endra litt utsjånad i 1920, seier Per.

Ja, for huset frå 1905 måtte byggast ut, og det var på grunn av ei stri tippoldemor.

– Ho insisterte på å bli værande i huset, med eiga tenestepike, når oldeforeldra mine overtok. For å få plass til ho måtte dei bygge ut.

Slik blei huset delt i to innvendig, med ein leilighet i kvar ende. I dag er det opent heilt igjennom, men Monica og Per bruker stort sett bare den eine delen.

PÅ TUNET: Monica og Per framfor våningshuset på garden. Foto: Kristin Tangen Tolo

Bevare gamalt

– Den eine enden blei pussa opp på 80-talet. Her som Monica og eg bur var det ikkje gjort noko sidan 60-talet, så her pussa eg opp litt før me flytta inn, seier Per.

Han ønska å bevare det gamle, og gjorde minst mogleg. Romma i huset er store, og det er høgt under taket. Isolasjonen kunne vore betre, fortel husbonden.

– Det går mykje ved om vinteren, seier Monica.

– Har de fyra i sommar?

– Ja, det har vel hendt, smiler dei begge.

Det er stadig noko å gjere i eit gamalt hus.

– Det er ein kontinuerleg prosess der me får ta litt etter litt, seier Per.

Fruktdyrkar

Monica flytta inn i 2020, og same år kom sonen deira, Neri.

– Han er oppkalla etter Pers far og oldefar, seier Monica, og smiler.

Per legg ikkje skjul på at det er stas med ein oppkalla odelsgut. Han jobbar i dag som fulltidsbonde, har totalt 500 mål med korn, 45 mål med eple og 15 mål med solbær. Han driv jorda på fem andre gardar i nærleiken.

– Valen gard åleine er på 1128 mål, derav 344 mål jord og 737 mål skog.

Per held styr på over 10.000 epletre og er fjerde generasjons fruktdyrkar.

– I gamle dagar var Valen ein stor arbeidsplass. Her er også to store gravhaugar frå yngre jernalder, fortel han.

På landet

Monica er opphavleg frå Gvarv, og har to døtre frå før. Yngstejenta Sofia blei med til gards.

– Eg har budd i Skien i mange år, og synest det er veldig fint å vere tilbake på landet.

Det trivelege paret på Valen gard trivst begge med luft mellom husa.

– Det er fint å ikkje ha naboar så tett på, seier Monica.

Per er einig, og har alltid vore einig.

– Eg er bonde i hjartet, og likar å tusle rundt her, smiler han.