Ved 17-tida kunne krimteknikarane Christian Aase og Johannes Simonsen frå Haugesund politistasjon pakka saman utstyret og forlata Ryfylke Fjordhotell på Sand. Då hadde dei sidan klokka 10 i dag finkjemma hotellrommet der den anmeldte valdtekta skal ha funne stad under Venstre sitt fylkesårsmøte i helga. Politioverbetjent Johannes Simonsen vil ikkje seia om rommet dei har undersøkt tilhøyrer den sikta Helge Solum Larsen eller den 17 år gamle jenta.

— Ein vanleg dag på jobben

Han reknar deira arbeid som ferdig, og seier at for dei har det vore ein ganske vanleg dag på jobben.

Simonsen vil ikkje seia noko om kva funn dei har gjort, men fortel at dei mellom anna har vore på leit etter fingeravtrykk, hårstrå og anna biologisk materiale som kan knyttast opp til hendinga. Dei bruker eit spesielt lys til å finna ulike spor, fortel han. Fotografering er også ein viktig del av jobben.

Ei ulempe for krimteknikarane er at hotellrommet som ligg i tredje etasje i Ryfylke fjordhotell blei vaska etter fylkesårsmøtet, dette har skapt visse utfordringar, men Simonsen påpeiker at spor kan halda seg i årevis, spesielt innomhus, sjølv om sollys og trakk av andre menneske kan gjera spora svakare

Vitneavhøyr

Rommet blei sperra av så snart hotelleiinga fekk vita om den anmeldte valdtekta.

Materiale som er samla inn på hotellrommet i løpet av dagen vil bli sendt til Kripos og Rettsmedisinsk Institutt.

Før dei to etterforskarane forlet Sand tok krimteknikar Christian Aase også nokre eksteriørbilete av hotellet som så uventa hamna i medias søkelys denne veka.

Politiet vil også etter kvart avhøyra personar som jobba eller var på hotellet natt til søndag dåvaldtekta skal ha funne stad.

Stort mediaoppbud

For krimteknikarane var det ein vanleg dag på jobb. For dei hotelltilsette, derimot, har det vore ein høgst uvanleg dag, med lobbyen full av mediafolk som tålmodig har venta på at krimteknikarane skulle bli ferdige.

Både NRK, TV 2, VG og Dagbladet har vitja strandstaden Sand onsdag.