Sindre Asperanden Navarsete (10) var på tur til stølsområdet Skagasete med medelevar frå Leikanger barneskule då han var maks uheldig.

Plutseleg var lufta full av aggressive jordveps, og både Sindre og fleire av medelvane fekk mange stikk.

Sindre fekk sjølv heile 50 stikk på berre kort tid.

— Eg drog opp genseren for å ikkje bli stukken i auga, seier Navasete til Sogn Avis.

Måtte bere elevane

Lærarane som var med på turen måtte bere elvane ned frå fjellet for å få køyrd dei til lege.

8 av dei 60 elevane som var med på turen måtte innom legen for sjekk og/eller behandling etter vepsen hadde fare åt med dei.

— Hjå legen fekk eg høyre at eg hadde 15 stikk på kroppen og 35 hovudet. Då dei kneip i håret mitt kom det veps ut, seier Navarsete. Stinga medførde kvalme og utmatting men dagen etter var 10-åringen heldigvis tilbake i full vigør.

Må fjerne bolet

Det var truleg eit jordvepsebol nokon trakka i som utløyste vepseåtaket.

Henny Kristin Asperanden Navasete er mor til Sindre og seier til Sogn Avis at ho vonar bolet no vert fjerna så ikkje fleire kjem til skade.

— Dette kan vere dødeleg for ein vaksen person. Heldigvis er ikkje Sondre allergisk mot vepsestikk, seier ho.

Ifølgje Navarsete har folk som har gått tur i området kjend til bolet. Ho meiner det no er dags for å ta kontakt med folk som kan få det fjerna.