Stykket fekk stor merksemd og reiste spørsmålet om kva fridom kunsten har. Fridom til å syne bilete av hus som eigaren ikkje ville ha publisert. Kultureliten hevda at teatergruppa sin kunst oppheva ønskje til eigaren av huset. Som me veit enda saka med at justisministeren gjekk av og kona hans blei dømd til fengsel. Framleis seier dei fleste at teatergruppa følgde reglane som kunstnarleg fridom, set. Godt!

Sløseriombudsmannen «som lenge opererte anonymt, la ut små, rare klipp og korte snutter fra hovedsaklig performancekunstnere eller samtidsdansere hvor han også skrev – med vantro versaler – hvor mye statsstøtte kunsten hadde fått.» «Kunstnere følte seg trakassert og mobbet», sitatar frå Fvn 25.08.

Kunstnarar fortel at dei lever i frykt for å bli hengd ut at Sløseriombudsmannen.

Står kunstnarar over vanlege reglar for korleis dei kan bruke ting og så kalle det kunst? Har ein ikkje lov til å gjere narr av kunst? Er å kalle på lått av kunst mobbing? Trakassering? Rettane må gå begge vegar; kunsten skal ha full ytringsfridom og det skal kritikarar av kunsten også ha. Godtek ein «Ways of Seeing» sine verkemidlar, må ein også akseptere Sløseriombudsmannen og det han syner på nett. Og han har ikkje snikfilma kunstnarar.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.