Det er ille, for ingen skal bli mobba for si seksuelle legning i Noreg i dag. Eg trur det ligg i menneskenaturen at vi har lett for å henge ut ”dei som ikkje er som oss”. I dyreverda ser vi og mobbing. Vi har vel alle høyrd om hakkekyllingen.

Eg har og lært, at i fjøs med lausdrift, som skal vere så bra for kyrne, er der og mobbing. Det ser ut til å vere nedfelt i både menneskje og dyr, men eg meiner det er noko som kan avlærast.

Nå har det seg slik, at heilt ifrå eg var ung, visste vi om homofile. Det var mindre kjend at ”jenter lika jenter”. Det var ikkje så synleg, fordi venninner heng samman på ein annan måte. Dette har eg levd med, og eg kjenner fantastiske menneske som er i gruppa homofile.

Eg veit og at der fins transseksuelle, og mange utgåver av kjønn. Det mest kjende er vel ”dei som er født i feil kropp”. Det har dei ikkje bede om, men naturen byd på mange variantar.

Det er kanskje vanskeleg å bli akseptert, og det er synd. Vi må tole mangfold.

Men så er det denne Pride-feiringa, då. Det er blitt litt mykje for mange, meg sjølv medrekna. Nå trur eg at den veldige eksponeringa verker mot si hensikt.

Så vil eg og ta med, at sjølv høyrer eg og til i ei gruppe som blir mobba, nemleg eldre. Vi kan og ta med dei funksjonshemma. Mange av oss høyrer til i begge gruppene. Vi blir stadig omtala som ”eldrebølgen”, og det ligg det ikkje mykje positivt i! Den verste mobbaren er Staten. Han gjer det systematisk med å overkøyre oss med sine digitale løysingar.

Er ikkje oppskrifta på eit godt liv ”å høyre til”?

Det veit vi er viktig, men det offentlege er ikkje akkurat med og tilrettelegg. Vi, i gruppa eldre, får sjeldan hatmeldingar. (Men nå er det heller ikkje alle av oss som er digitale.) Gruppa eldre har heller ikkje så mykje ressurser at vi kan stå opp for oss sjølve. Så la prideflagget vaie litt mindre.

Det trur eg de vil tene på.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.