Ungarn tapte krigen og var under sovjetisk kontroll i 1956. Landet låg bak jernteppet, og høyrde til Sovjet sitt geopolitiske område. 23. oktober 1956 var det store demonstrasjonar i Budapest og andre stader i Ungarn. Kravet var at sovjet-troppane skulle trekkjast ut or landet. Dagen etter vart Imre Nagy (bildet) statsministar. Han lova reformer. Store delar av den ungarske hæren, leia av general Malester, gjekk over til opprørarane. I Budapest reiv dei ned ei kjempestor statue av Stalin. Ein ven av meg var med på det. Etter at hovudet til Stalin låg på gata, pissa mennene på det. Det var nydeleg å pisse på Stalin, sa venen min. Nagy lova både frie val og ei fri presse. Det var meir enn dei ekte kommunistleiarane i Moskva kunne tolerere. Dei var redde for smittefaren. Derfor sende dei den 4. november hæren inn i Budapest. Fleire tusen sivile ungarar vart drepne, og over 200.000 menneske flykta frå kommuniststyret. Sovjet hadde full kontroll med byen 11. november. Dei siste dagane kunne ein høyre frå radioen: «Hjelp Ungarn! Hjelp oss… hjelp». Men Vestmaktene løfta ikkje ein fingar for å hjelpe dei kjempande ungararane. Sovjet fekk gjere det dei ville. Dei sette inn lojale kommunistar til å leie landet. Og i over 30 år var Ungarn underlagt sovjetisk kontroll. Og 16. juni i 1958 vart Imre Nagy og Malester avretta. I dag er det reist ei statue av Nagy i Budapest, og han er ein av heltane i Ungarn.

I 1956 gjorde Vestmaktene nøyaktig det som Rødt vil at dei skal gjere i Ukraina. Gi dei inga hjelp til å slå attende mot Putin og Russland. Og Ukraina må godta at dei ligg i Russland sitt geopolitiske område. Folk i Ukraina kan då sjå fram til at Russland skal styre dei i minst 30 år fram i tida.

I 1968 hadde me Praha- våren i Tsjekkoslovakia. Leiaren for den våren var Dubcek. Han ville ha eit kommuniststyre med eit menneskeleg andlet. Men landet låg innafor jernteppet. Fridom der passa ikkje kommunistane i Moskva.

21. august okkuperte Sovjet landet. Dei fekk full kontroll på eit døger. Igjen gjorde Vestmaktene ingenting. Tsjekkoslovakia var under full sovjetisk og kommunistisk kontroll fram til 1989. Folket var i over 21 år overvaka og ufrie.

Korkje i Ungarn eller i Tsjekkoslovakia vart det laga ein fredsavtale med andre enn med lydige kommunistar. Lagnaden til begge landa var at dei låg i det sovjetiske geopolitiske området. Rødt må nå «virkelighetsorientere seg». Vil dei ha eit fritt Ukraina eller ei løysing som i Ungarn i 1956.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.