Eg er ein norsk, kristen mann på 34 år, som er gift med ei dame og har to born. Eg står for mine kristne verdier og mi tru.

Det skal og seiast at eg på min vandring gjennom kvardagane kjem i kontakt med ulike folk med forskjellige livssyn og holdningar. Eg står framleis for mine. Det kan vere muslimar, humanetikarar, lesbiske og homofile og heidningar.

Det er som regel alltid ein koseleg kjas, eit smil eller ein «hei». Det går faktisk an å vere ueinige med andre folk utan at ein vert uvenner og hatefulle.

At eg meiner at det kun er to biologiske kjønn og at ekteskap for meg er forbeholdt mann og kvinne, skal eg kunne meine utan at eg blir stemplet som hatefull. Alle mennesker skal behandles med respekt og høflighet uansett kor ueinig ein måtte vere.

Det er skræmande at folk, no til dags, ikkje kan tåle at nokon har andre meiningar enn dei sjølv.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.