«Vi ønsker de ikke velkommen og skulle helst sett at de ble hjemme». «Vi må si klart ifra om at dette er meninger man ikke vil ha i Kristiansand, sier Andreas Landmark».

SIAN er ei ynkeleg lita gruppe som får merksemd ved at dei av og til brenn Koranen. Ikkje eit godt ord om SIAN, men nokre tankar om bystyret og sarthet.

I min ungdom i 1970-åra gjekk ei kommunistisk gruppe, AKP(m-l) rundt i gatene her i byen. Av og til bar dei på bilete av massemordarane Stalin, Mao og Pol Pot. Dei var saman med andre ideala for denne gruppa. Gruppa skulle gjennomføre væpna revolusjon. Og når dei fekk makta, skulle dei ta oppgjer med motstandarar, slik Stalin og Mao hadde gjort.

Ordførar Paul Otto Johnsen, frå Haugesund, tok bråket frå desse kommunistane med stor ro. Truleg var han klar over at nokre av dei som gaula høgast, kom frå solide borgarlege heimar. Ordføraren var på line med vanlege folk. Dei brydde seg lite eller inkje om kva denne kommunistgruppa sa eller gjorde. Og kor gjekk det med AKP(m-l)? Dei brukte nokre tiår på å « virkelighetsorientere seg» før dei gjekk inn i partiet Rødt som er eit demokratisk parti.

Eg er uinformert om kva dei i dag meinar om Stalin, Mao og Pol Pot. Og kva med SIAN? Eg ønskje dei ein stille og roleg død. Då kan atter bystyret i Kristiansand konsentrere seg om politikk.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.