Dei kjenner seg overkøyrde av regjeringa som har bestemt at Søgne og Songdalen skal få stemme over om dei vil skiljast frå tvangsekteskapet med Kristiansand.

Men Søgne og Songdalen har røysta mot å vere ein del av Stor-Kristiansand, i si tid. Likevel vart dei tvangsinnlemma, ikkje gløym det.

For å repetere litt, så var det Harald Furre sin kongstanke å få så mange innbyggjarar i Kristiansand at dei kunne få storbytillegg, dette for å betre kollektivtrafikken. (Etter mi meining får dei det aldri til, så lenge dei vil bruke milliardar til eit nytt kaos på Gartnerløkka.)

Men Furre hadde skapt vanskar for seg sjølv med å gå inn for Kunstsilo. Dette, og andre betente saker, kosta han ordførarklubba og kjedet ved valet i 2019. Det som også kom ut av dette, var eit protestval som ingen har sett maken til!

Demokratane, som hadde vore tydelege på at dei ville gå imot Kunstsilo, kom inn med 10 representantar, 13,4 prosent! Før har dei hatt ein og to representantar i bystyret. Det vart eit kaos utan like for å få eit styringsdyktig fleirtal, og ein ordførar. Det som vart sett saman, vart svært lite styringsdyktig.

Jan Oddvar Skisland (Ap), fekk ein vanskeleg jobb som ordførar. Så har det heller ikkje gått så bra, for representantane som kom inn på Demokratane si liste, har flagra hit og dit. Eg treng vel ikkje seie meir. Dei som har følgd med kjenner historia.

Så til poenget.

Det vart Nye Kristiansand, og du verda så bra alt skulle bli, i ein stor kommune med eit stort fagmljø og mykje kompetanse! (Men legg merke til at folk i små kommunar er mest nøgd med det kommunale tilbodet, særleg på eldreomsorg.)

Det var ikkje lenge før ein såg følgjene av samanslåinga for Søgne og Songdalen sin del. «Harmoniseringa» førte til kutt på fleire felt for innbyggjarane i dei små kommunane, særleg innafor helse og omsorg, men også skule. Det som auka, var eigedomsskatt og kommunale utgifter, for å nemne noko.

Såra etter denne samanslåinga er ikkje grodd. Og nå vil dei to kommunane (som var) få nye sår dersom ein gjennomfører ei oppsplitting etter ei mogeleg folkerøysting.

Det vert opprivande for alle, men slik som Skisland går ut, kunne ein tru at det vart verst for gamle Kristiansand. Har ikkje Søgne og Songdalen også rett på lokaldemokrati?

Det er utan tvil vanskeleg å skulle skiljast. Det vert dyrt, og gamle Søgne og Songdalen vert aldri dei samme att.

Nei, Skisland; for å behalde storkommunen er det bare ein ting å gjere; gje dei små kommunane tilbake nokre av dei godane som dei vart fråtekne ved «harmoniseringa» etter valet i 2019. Alt kan nok ikkje gjerast godt att, men det vil kjennast betre for dei små å bli sett.

Eit godt råd til slutt; det gjeld både ordførar og kommunedirektør. Ta dykk ein tur til Finsland så de veit så nokonlunde kva de har innafor kommunegrensene!

Litt lokalkunnskap (og litt lokaldemokrati), kan vel ikkje skade?

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.