For snevert, Furre

Ordførar Harald Furre hadde eit viktig utspel i Fædrelandsvennen sist laurdag.

Publisert:

Foto: Vindsland, Steinar

Leserinnlegg

  • Alf Holmelid
    fagleg leiar i Agder SV
Denne artikkelen er over to år gammel
Du leser nå et debattinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening, ikke Fædrelandsvennens. Debattinnlegg kan sendes inn på fvn.no/dinmening.

Han ønskjer å slå eit slag for at kompetente kvinner frå Agder skal få nasjonale verv. Det er all grunn til å kjempe for at dyktige kvinner frå regionen skal få sin naturlege plass på den nasjonale arenaen, og dei kvinnene som blir presentert, er alle dyktige og kompetente. Men det er ein del sentrale miljø og relevante erfaringar som ikkje har komme med i utvalet.

Så vidt eg kan sjå er det ingen med bakgrunn frå arbeid i fagrørsla blant dei kvinnene som er presentert i avisa. Fagrørsla har hatt ein sentral plass i utviklinga av det velferdssamfunnet vi alle drar nytte av. Her er det utvikla kunnskap og innsikt som vi treng for å vidareutvikle den norske modellen i ei turbulent tid. Det er eit tap dersom kompetente kvinner med erfaring frå fagrørsla ikkje blir løfta fram regionalt og nasjonalt.

Utvalet manglar også representantar for landbruksnæringa og distrikta. Primærnæringane står overfor store utfordringar som dei møter med kompetanse og optimisme. Landbruket er blant anna i dialog med ei turistnæring i vekst og med miljørørsla. Kvinner frå landbruket kan bringe fram andre erfaringar enn dei kvinnene som er presentert i Fædrelandsvennen. Det finst heilt klart nasjonale verv der slik kompetanse vil vere viktig.

Universitetet i Agder er godt representert i utvalet til Harald Furre. Men alle kvinnene som han trekkjer fram, er frå Handelshøgskulen. Det skuldast kanskje at han primært tenkjer på bedriftsstyre, men sjølv der er det for snevert. Den mykje omtalte Nicolai Tangen har ein filosof i sine styre. Dessutan bør vi tenkje breiare enn bedriftsstyre når vi vil løfte fram kvinner frå regionen. Det er ikkje vanskeleg å finne kompetente kvinner frå andre fagmiljø ved UiA til sentrale nasjonale posisjonar.

Det er kanskje fokuset på bedriftsstyre som gjer at Furre ikkje har tatt med kvinner frå offentleg sektor. Men denne avgrensinga er uheldig på fleire måtar. For det første vil også bedriftsstyre ha nytte av erfaringar frå offentleg sektor. For det andre har vi ei rekke andre nasjonale posisjonar der det er relevant med kompetanse frå det offentlege. For det tredje så klarer vi ikkje å utvikle Agder utan å ta med kompetansen i offentleg sektor.

Harald Furre og Fædrelandsvennen skal ha ros for å slå eit slag for å løfte fram kompetente kvinner på Agder. Men vi treng eit breiare utval om vi skal utvikle regionen og markere oss nasjonalt.

Publisert:
Fædrelandsvennen ønsker en god og åpen debatt. Her kan du bidra med din mening.
  1. Harald Furre
  2. Likestilling