Skal vi unngå dramatisk reduksjon i kollektivtilbodet dei kommande åra, er det viktig å få på plass ein langsiktig avtale med staten om driftsstøtte til kollektivtransporten. Planen er å ordne det gjennom ein såkalla byvekstavtale, men forhandlingane med staten drar ut.

Kristiansandsregionen har lenge hatt såkalla belønningsmidlar for å oppretthalde kollektivtilbodet. Den raudgrøne regjeringa introduserte ei ordning med bymiljøavtaler for å setje denne støtta inn i ein større samanheng. Etter kvart blei bymiljøavtalene utvida til byvekstavtaler som legg vekt på fleire ting enn kollektivtransport. Kristiansand har arbeidd med byvekstavtale sidan 2017, men det stoppa opp i 2018.

Etter siste kommuneval blei det ny fart i arbeidet med byvekstavtale for å sikre kollektivtransporten. Bystyret har i fleire omgangar gjort vedtak som skal legge til rette for ei slik avtale. Der er det lagt vekt på at kommunen må prioritere driftsstøtte til kollektivtransporten i forhandlingane med staten. Men det ser diverre ut til at det er vanskeleg å komme i forhandlingsposisjon.

No går det rykte om at regjeringa har delegert ansvaret for desse forhandlingane til Statens vegvesen. Det er knapt nokon fordel. Vi bør forvente å komme i dialog med den politiske leiinga i departementet for å kunne utvide handlingsrommet og få gjennomslag for at kollektivtransporten treng eit kraftig løft i ein krevjande situasjon.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.