Fosse har blitt omtala som favoritt til å vinne prisen ei rekke gonger. Sjølv tok han imot nyhendet med følgande kommentar til NRK: – Eg blei overraska då dei ringde, men samtidig ikkje. Eg har forsiktig førebudd meg på at dette kunne skje dei ti siste åra. Det var ei stor glede for meg å få telefonen.

Jon Fosse sitt namn supplerer nå ei eksklusiv liste over norske forfattarar som har mottekke Nobelprisen: Bjørnstjerne Bjørnson (1903), Knut Hamsun (1920) og Sigrid Undset (1928).

Fosse har bak seg ein imponerande produksjon av romanar, forteljingar, dikt, essay og skodespel, og ugjevingane er omsette til over 50 språk. Som dramatikar har Jon Fosse (64) blitt kjend over heile verda. Han er den mest spelte norske dramatikaren etter Henrik Ibsen. Sidan teaterdebuten «Og aldri skal vi skiljast» i 1994 har produktiviteten vore imponerande høg. Fosse skriv samtidsdramatikk og er i sin sjanger ein av dei mest sette forfattarane i verda.

«Eg er vinden» var første gong Kilden sette opp dramatikk av Fosse. Det bør ikkje bli siste gong.

Kilden sette nyleg opp eit stykke av Fosse, og det lokale teaterpublikummet kunne gle seg over teaterstykket «Eg er vinden». Skodespelar Henrik Rafaelsen skildra Fosse sitt forfattarskap godt då han fortalde om handlinga i stykket.

Det handlar om to menn som snakkar saman om livet, men dei har litt ulike måtar å sjå verda på. Det er både konkret, enkelt og nært, men også abstrakt, svevande og eksistensielt.

«Eg er vinden» var første gong Kilden sette opp dramatikk av Fosse. Det bør ikkje bli siste gong.

Jon Fosse, som bur i staten sin æresbustad for kunstnarar, Grotten i Oslo, har tidlegare motteke det meste av prisar som er mogleg å oppdrive, og no blei han altså krona med den aller gjevaste.

Når han mottek Nobelprisen i litteratur blir han den første nynorskforfattaren som får prisen. Sjølvsagt er tildelinga først og fremst ei anerkjenning av eit imponerande forfatterskap, men i kjølvatnet er det også grunn til å gratulere nynorsken.

– Ikkje minst vel eg å sjå pristildelinga som ein pris til nynorsken og til den nynorske målreisinga. Anten eg vil eller ei, må eg ei sannings namn takka nynorsken for prisen, seier Fosse.