Korleis ville ikkje dette splitte folk og land? Ikkje minst fordi folkeavrøystingar er basert på følelsar. Lokal identitet vert trua. Eg er ikkje imot aksjonistar som ønsker folkeavrøysting, men når folkevalde blir overkøyrd, reagerer eg.

I Forsand kommune var det folkeavrøysting i 2007, i forbindelse med siste kommunereform, med fleirtal for kommunesamanslåing av Forsand og Sandnes. Etter to år ville Forsand knytast opp til Strand kommune. Statsforvaltaren si undersøking viste 54 prosent for deling. Kommunestyret i Sandnes var mot, og regjeringa lytta til dei folkevalde og opprettheldt grensene.

Etter mi meining åpner Inndelingslova for lett for oppløysing av nye kommunar. Det burde vore ein hovudregel i lova om at ein kommune ikkje kan søkje om oppløysing før etter ei viss tid (4 år?). Ein kommune treng tid for å «sette seg». I tillegg burde det stått «rådgivende» føre «folkeavstemning» i Inndelingslova. Misnøye bør og kanskje fangast opp med innbyggarhøyring før kommuneoppløysing, for å sjå på kva ein kan gjere.

Vedum sitt forslag om at simpelt fleirtal i form av 50,1 prosent som bestemmande for om ein skal løyse opp Kristiansand kommune, skapte ein veldig stor protest i Kristiansand. Det einaste gode ved forslaget, var at motstanden mot oppløysing vakna.

På regjeringen.no si side «Veileder om lokale rådgivende folkeavstemninger» les eg:

«Norske kommuner kan ikke gjennomføre bindende folkeavstemninger. Kommuner kan utforme og gjennomføre folkeavstemninger som de vil, men de vil uansett være rådgivende for kommunestyret.»

Det er det, så langt eg veit, ikkje kome noko endring i den seinare tid på.

Ifølge kommuneutvalet si utgreiing på regjeringa.no har det også vore vurdert korvidt personar med innbyggarforslag skal kunne krevje folkeavrøysting etter Inndelingslova. Utvalet har sagt nei til det, fordi det gir rom for urimeleg press på kommunestyret, og kan svekke dei folkevalde sitt mynde.

Dette understrekar at det er eit politisk prinsipp i Norge at dei folkevalde skal ha siste ord. Folkeavrøystingar skal vere rådgivande og ivareta lokaldemokratiet og stortinget sin overordna rett til å definere kommunegrenser. Det er kjent i mangfaldige saker opp gjennom historia. Dette burde også stått i lova.

Dette understrekar at det er eit politisk prinsipp i Norge at dei folkevalde skal ha siste ord.

Aksjonsdemokratiet vil ha det annleis. Dei vil at simpelt fleirtal skal gjelde for kommuneoppløysing. Det skal gjelde uansett kva det indirekte demokratiet seier.

Det skal seiast at vi ikkje har hatt folkeavrøysting over K3. Men la oss tenke oss at Vedum skulle få det som han vil, at Kristiansand bystyre gjer om sitt vedtak om at det ikkje skal vere folkeavrøysting på hans premiss, og det blir 50,1 prosent for oppløysing i Søgne. Kva vil då skje? Kommunestyret har sagt nei til oppløysing, og på regjeringa si nettside står det at folkeavrøystinga skal vere rådgjevande. Står Vedum fortsatt på 50,1 prosent som bindande? Er det demokratisk?

Jørgen M.B. Grønneberg, forfattar og strategisk rådgivar i Asker, skriv 23.6.22 at det vil være uheldig om ein legg einsidig vekt på folkeavrøysting. Han seier at folkeavrøystingar speglar det emosjonelle i folket og dei rasjonelle argument finn vi best på andre måtar. Då er opinionsmålingar og spørjeundersøkingar betre.

Folkeavrøystingar vert ofte brukt ukritisk. Med ukritisk tenker eg på at ein stiller ingen krav til verken deltakarprosent eller resultat for å avvege nytten og verdien. Det gjer arbeidet vanskeleg for politikarane, som ofte sit på meir rasjonelle argument og prøver vege for og imot, ut frå både regionale og kommunale interesser.

Institutt for samfunnsforsking (2017-08) gjorde ei undersøking som viste at 9 av 10 kommunar opplever eit stort behov for vegleiing i forbindelse med folkeavrøysting. Det dreier seg om å lage meir spesifikke retningslinjer for gjennomføring, som kan lette avgjersla for kommunestyra.

På bakgrunn av alt kaoset som vert skapt i kommunar, ville vi vere tent med at regjeringa set ned eit utval som vurderer lovar, reglar og administrasjonen av dei, og gjere endringar som kan skape betre føresetnader for kommunane til å prøve ut nye kommunegrenser før søknad om oppløysing. Vidare tydeleggjering i lov om at folkeavrøysting er rådgivande, på linje med andre undersøkingar. Og opprette eit partiuavhengig kontor for vegleiing til kommunane om folkeavrøysting.

Etter dei lokale vedtak som no er gjort i Kristiansand, er det kanskje rett i den situasjonen som er, å avgrense spørsmålet til statsforvaltaren si utgreiing, opinionsmålingar, undersøkingar og temaorienterte spørjeundersøkingar. Då tek ein vare på folks meining og lokaldemokratiet, og det gir ei raskare avklaring. Ei folkeavrøysting vil uansett vere rådgivande, men slik Vedum har spelt sine kort, vil tilhengarar bruke hans ord som bindande, så lenge det ikkje vert trekt tilbake.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.