Miljørørsla har kjempa for grøn omstilling i mange tiår og fekk lenge lite gjennomslag. No er det endeleg i ferd med å skje noko. I dag snakkar alle om etablering av grøn industri. Men ein grøn merkelapp må ikkje bli eit frikort frå kritikk. All industri, også den som er ein del av omlegginga til eit fossilfritt samfunn, må tole sakleg kritisk debatt om ressursbruk og konsekvensar for natur og miljø.

Vi står overfor store omstillingar i samfunnet og store endringar i industristrukturen. Ei ny grøn industriutvikling er på trappene. Vi forsømmer oss dersom vi ikkje fører ein brei kunnskapsbasert debatt om denne omstillinga. Den etablerte industrien har over tid blitt utsatt for kritikk frå miljørørsla for utslepp og naturinngrep. Det bidrog til utvikling av miljøvennleg teknologi og til styrking av konkurransekrafta. Grøn industri kan også ha negative natur- og miljøkonsekvensar som den bør utfordrast på. Ikkje minst vi som har jobba for grøn industri, bør vere opptatt av at den ikkje skaper seg eit dårleg miljørykte.

Havvind kan bli ei av vår tids største industrisatsingar. Den kan skaffe arbeidsplassar og store mengder fornybar energi. Vi er godt i gang med å utvikle teknologien, og vi har gode livsløpsanalyser. Men veit vi nok om den naturen der vi skal plassere ut vindturbinane? Veit vi nok om fugletrekk, og har vi oversikt over konsekvensane for fiskeria og økosystema i havet? Det er avgjerande å skaffe seg solid kunnskap på desse områda før det blir gitt konsesjon for utbygging. Den store satsinga på Ocean Space Centre ved NTNU i Trondheim kan tyde på at vi satsar meir på å utvikle teknologien enn på å få fram kunnskap om meteorologi, fugletrekk og økosystem. Det viser manglande forståing for kva som er den mest grunnleggande kunnskapen for å realisere denne store satsinga.

All industri er avhengig av mineral som vi skaffar oss ved gruvedrift. Gruvene finn vi ofte i land der det er lite kontroll med arbeidsmiljø og forureining. Deler av bransjen har lenge fått kritikk for uverdige forhold i gruvene. Denne kritikken har i det siste fått fornya kraft spesielt retta mot produksjon av fornybar energi. Kritikken kjem både frå folk som er genuint opptatt av miljømessig og sosial berekraft, og frå folk som er negative til fornybar energi. Men uansett bør fornybarindustrien ta kritikken på alvor og møte den med offensiv satsing på resirkulering og pålitelege system for dokumentasjon på berekraftig gruvedrift. Det er både eit moralsk imperativ og ein føresetnad for å skape tillit til fornybarbransjen. Strenge krav til resirkulering er også nødvendig for å unngå at vi får mangel på viktige mineral.

Den nye grøne industrien har varierande sysselsettingseffekt, og den er ofte arealkrevjande og energikrevjande. Derfor bør vi utarbeide overordna planar for lokalisering. Kvar er det greiast å få fram elektrisk kraft, og kvar blir det minst arealkonfliktar og miljøkonsekvensar? Når vi brukar store mengder av ein verdifull ressurs som rein energi, så bør vi også legge vekt på sysselsettingseffekt og ringverknader. Industrietableringar kan ofte ha uheldige effektar på natur og miljø. Med kunnskapsbasert debatt og planlegging, kan ulempene reduserast.

Den nye grøne industrien har varierande sysselsettingseffekt, og den er ofte arealkrevjande og energikrevjande.

Kampen for klima og naturmangfald vil krevje store samfunnsendringar. Vi står overfor ei industriell utvikling på linje med utviklinga av prosessindustrien, verftsindustrien og oljeindustrien. Etablert industri legg om produksjonen, og ny grøn industri kjem til. Ei slik omstilling vil ikkje skje utan feilskjær og konfliktar. Det finst ikkje enkle fasitsvar på korleis vi byggjer framtidas industri for å ta vare på klimaet og naturmangfaldet. Vår industrihistorie viser at konstruktiv kritikk og debatt er ein viktig del av utviklinga. Grøn industri må ikkje skygge unna denne debatten. Den grøne merkelappen kan ikkje frita for kritikk, men kritikken må vere faktabasert og relevant. Slik kan vi skaffe brei støtte til nødvendig omstilling.

Foto: Jan Arne Vold / Equinor

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.