Dagens marknadssystem har svikta, og situasjonen ropar på politisk handlekraft. Men regjeringa verjar seg mot å ta kontroll over situasjonen og gripe inn i marknaden. Denne passiviteten kan skade ein av dei sentrale verdiane i det norske samfunnet – tilliten mellom dei styrande og dei styrte.

Denne passiviteten kan skade ein av dei sentrale verdiane i det norske samfunnet – tilliten mellom dei styrande og dei styrte.

Alf Holmelid. Foto: Kristin Ellefsen

Det kan skrivast lange utgreiingar om korleis vi har komme dit vi er i dag, og mange har bidratt med sine analysar. Grunnleggjande er det tre forhold som saman har gitt oss dagens ekstreme kraftprisar:

- Det norske elektrisitetsnettet er kopla til Norden og Europa. Spesielt Sør-Noreg har stor utvekslingskapasitet til utlandet.

- Det europeiske kraftsystemet er avhengig av gass som har blitt mangelvare med ekstremt høge prisar etter at Russland invaderte Ukraina.

- Vi har eit marknadssystem som er administrert av Nordpool, og som importerer dei høge europeiske kraftprisane sjølv om vi har nettoeksport av kraft.

Utvekslingskapasiteten til utlandet, både nye og gamle kablar, har medansvar for det høge prisnivået. Men det er få seriøse aktørar som har foreslått å kutte kraftkablar. Det er også avgrensa kva Noreg kan gjere for å få ned prisen på gass utover å auke produksjonen og leveransane slik vi alt har gjort.

Men det vi kan og bør gjere noko med, er eit dysfunksjonelt marknadssystem for kraft.

Det vi kan og bør gjere noko med, er eit dysfunksjonelt marknadssystem for kraft.

Vi kan takke framsynte politikarar i tidlegare tider for at kraftproduksjonen her i landet for det meste er i offentleg eige. Dagens politikarar har råderett over dei enorme verdiane som energiverka drar inn frå deg og meg. Mange meiner derfor at det er unødvendig å gjere noko med marknaden. Vi kan berre betale tilbake pengane og gjerne nytte høvet til å omfordele til dei som treng det mest, blir det sagt. På kort sikt er det heilt nødvendig med omfattande prisstøtte. Men det er ikkje ei varig løysing. Omfordeling ordnar vi best med skattar og velferdsgode – ikkje med kompensasjon for ein ustyrleg marknad.

Det blir hevda at dei høge prisane er bra for energisparing og klima. Det er eit poeng. Men ingen ville finne på å foreslå eit så høgt og ustabilt prisnivå dersom formålet var å motivere til sparing og lokal energiproduksjon. Det er fullt mogeleg å finne ein stabil prismodell som motiverer til sparing utan å dra inn så mykje kjøpekraft frå fattig som rik, og utan å skape motvilje mot det grøne skiftet. Ein slik prismodell må kombinerast med eit kraftig løft i støtta til energiøkonomisering og lokal energiproduksjon, og det er på tide å gi den ein sosial profil.

Det er fullt mogeleg å finne ein stabil prismodell som motiverer til sparing utan å dra inn så mykje kjøpekraft frå fattig som rik.

Mange er opptatt av å vise solidaritet med Europa som slit med høge gassprisar. Det er gode grunnar til å vere solidarisk i ein situasjon med angrepskrig i Europa. Men ei omlegging av kraftmarknaden for å redusere kraftprisane i Noreg, treng ikkje føre til vesentlege endringar i kraftutveksling og netto eksport.

Uansett er det marginalt samanlikna med vår omfattande gasseksport som vi har auka for å hjelpe EU. Og no er det pristak på norsk gass som blir trekt fram når EU etterlyser solidaritet frå Noreg. At nordmenn betaler enorme summar til kraftverka, har lite med solidaritet å gjere.

Politisk styring av den norske kraftmarknaden kan få konsekvensar for korleis vi handlar straum med utlandet. Men regjeringa nøler med å gå inn i denne problematikken og diskutere systemet for kraftutveksling. Det er liten vilje til å utfordre dagens marknadssystem og handlingsrommet i EØS. Samtidig ser vi no ei utvikling som kan endre spelereglane. EU-kommisjonen har dei siste dagane komme på bana og varsla store strukturelle endringar i kraftmarknaden.

Det er ikkje gitt at dei nye forslaga frå EU-kommisjonen vil vere til fordel for Noreg og auke handlingsrommet vårt.

Det er ikkje gitt at dei nye forslaga frå EU-kommisjonen vil vere til fordel for Noreg og auke handlingsrommet vårt. Den norske kraftmarknaden skil seg frå kraftmarknaden i EU både når det gjeld kraftmiks og eigarskap. Tiltak som passar for EU, er ikkje utan vidare bra for Noreg. Kommisjonen foreslår blant anna å legge føringar for innkrevjing og bruk av forteneste på fornybar energi som utgjer det meste av kraftproduksjonen her i landet. Det er uklart kva dette og andre forslag inneber og korleis det vil slå ut. Men det er interessant å merkje eg at EU signaliserer store endringar også på lang sikt.

Konsekvensane av dei ekstreme kraftprisane blir meir synlege for kvar dag som går. Stadig fleire treng hjelp for å klare utgiftene sine, og arbeidsplassar står i fare. Vi har passert det punktet der krisa tar til å slite på tilliten til det politiske systemet, ein tillit som er hjørnesteinen i den norske samfunnsmodellen. Situasjonen ropar på handlekraft frå regjeringa og Stortinget.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.