Frå Kristiansand til Valle i Setesdal – ei strekning på 15 mil – vil dialekten endra seg svært mykje. Det er som ei reise 500 år tilbake i språkhistoria vår. Truleg er det ingen stad i Noreg at ein finn så mykje språkleg variasjon over så kort avstand som her på Agder.

Dei egdske kystmåla har utvikla seg langt bort frå gammalnorsk, og blir difor kalla for «moderne» dialektar. Dialektane i øvre Setesdal, derimot, er rekna for å vera Noregs mest arkaiske dialekt. Her kan ein framleis høyra ord og former – særleg hos eldre folk – som for lenge sidan er borte dei fleste andre stader.

Før 1550 er det sannsynleg at kystmåla på Agder var meir som innlandsmåla i dag. Arne Torp (2012) meiner at om me hadde tatt ein tur til Agder på 1500-talet, ville me møtt eit talemål i kystområda som sannsynlegvis likna ein god del på det målet vi finn i innlandet i dag, medan setesdalsk då kanskje nærast var rein gammalnorsk. Men korleis kan det ha seg at så forskjellige dialektar i dag kan eksistera innanfor eit så lite geografisk område? Forklaringa ligg dels i topografien, og dels i historisk-kulturelle forhold.

Martin Skjekkeland. Foto: Privat

Kystmåla har felles trekk

De er mange likskapstrekk mellom kystmåla på Agder. Ute ved kysten har folk til alle tider hatt kontakt med kvarandre. Sjøen var ferdselsvegen og batt folk saman. Menneske som har kontakt med kvarandre, får same særdraga i dialekten. Kystfolket på Agder har også hatt livleg forbindelse med handelsfolk frå Danmark, Holland og England. Spesielt livleg var handelen på 1500- og 1600-talet og framover – opp gjennom seglskutetida på 1800-talet.

Hovudnæringsgrunnlaget for egdene var eksport av tømmer og trelast. Hollendartida på Sørlandet 1550 – 1750 må nemnast spesielt. Hollendarane kom til Agder-kysten for å kjøpa tømmer. Særleg var den sørlandske eika ettertrakta som verdfullt byggjemateriale for hus og den store hollandske flåten. Av hollendarane kjøpte egdene m.a. anna korn, salt, sild, ost og krydder. Dei unge mennene på Agder tok seg arbeid på hollandske skip. Jentene reiste til Holland og arbeidde som hushjelper. Egdene lånte mange nye ord frå Holland, ikkje minst ord frå sjømannsspråket. Språkleg påverknad frå dansk blei også viktig. Frå Danmark fekk me dei «blaude» konsonantane, i ord som å tabe, å møde, å bage osb. Skarre-r høyrest lett i dagens egdemål. Denne r-uttalen oppstod i Paris på 1600-talet, og spreidde seg nordover i Europa, og kom til sørlandskysten om lag 1800.

Dei unge mennene på Agder tok seg arbeid på hollandske skip. Jentene reiste til Holland og arbeidde som hushjelper. Egdene lånte mange nye ord frå Holland, skriv forfattaren. På biletet ein skipsmodell av hollandsk koff (handelsfartøy frå Holland), frå 1743. Modellen heng i skipet i Feda kyrkje. Foto: Privat

Når dialektar og språk møtest, oppstår det gjerne blandingsformer og forenklingar i dialekten. Gammalnorsk hadde eit rikt bøyingssystem. Kystmåla på Agder har gjennomgått ei forenkling, og har utvikla seg langt bort frå dette gammalnorske systemet. Ei slik forenkling ser ein til dømes i Søgne-målet. Alle hankjønns- og hokjønnsord har her fått same endinga i fleirtal: fleire både – alle bådanne, fleire jente – alle jentane.

Meir arkaiske dialektar i indre bygder

Sørlandskysten var på 1500-talet og framover eit slags Klondyke, der ein kunne høyra mange dialektar og tungemål. Folk i bygdene lenger inne i landet merka knapt noko til alt som føregjekk der ute ved kysten. Dei midtre og indre måla på Agder må kallast arkaiske dialektar, dei har ein del særdrag som peikar bakover til gammalnorsk.

Sørlandskysten var på 1500-talet og framover eit slags Klondyke, der ein kunne høyra mange dialektar og tungemål.

Kjem ein eit stykke opp i dalen, til gardane Frivoll og Eikeland i Hægeland, merkar ein at dei «blaude» konsonantane er borte. Dette kystfenomenet kom aldri lenger enn hit. Skarre-r-en er utbreidd på kysten, men er nå på veg opp dalen, og har i dag nådd om lag til Bygland.

Skarre-r-en er utbreidd på kysten, men er nå på veg opp dalen, og har i dag nådd om lag til Bygland.

Andre dialektmerke frå indre Agder kan nemnast: I kystmåla heiter det alle, kalle og fall, men på midtre Agder er uttalen adde, kadde, fadd. I indre bygder høyrer ein uttalen bekkjen, vejjen og skojen, medan kystmåla har bekken, veggen og skogen (som i skriftmålet). På kysten heiter det «æ kåmmer til dere og æ såver der». På indre Agder vil ein seia: «eg kjæme til dòkke og eg søve der».

Setesdal

Som nemnt kjem alderdommelege særdrag i språket lett til syne i øvre Setesdal. Grunnen til at det er slik, heng historisk saman manglande kommunikasjon mellom øvre Setesdal og bygdene utover i dalen. Til langt ut på 1800-talet hadde folk i øvre Setesdal ikkje skikkeleg vegsamband nedover dalen i det heile. Dersom dei reiste ut frå bygda, var det helst ved å bruka ridevegane over heiane, anten til Vest-Telemark eller indre Ryfylke. Kjerrevegen til Valle blei først opna i 1846 og til Bykle i 1879. Fram til slutten av 1800-talet var øvre Setesdal truleg eit av dei mest isolerte bygdelaga i landet.

Kontrasten på Agder mellom eit avstengt innlandsmiljø og eit kystsamfunn med livlege samband med omverda er altså den historiske bakgrunnen for dei heilt uvanleg store dialektforskjellane mellom dei indre bygdene og kystdistriktet på Agder. Arkaiske språktrekk har som nemnt overlevd i Setesdal. Det heiter her å beite (å bita), å suyne seg (syne seg), a muyr (ei myr), ait heus (hus). Dialekten i Øvre Setesdal har levande dativbruk, nedarva frå gammalnorsk. Døme på dativ i Valle: «denne feine dagjen va adde ute» (denne fine dagen = vanleg form), men «hu kom saint å dagjæ» (seint på dagen, dativ). «Da jinge i fjøddou» (dei gjekk i fjella = dativ fleirtal). Det er i Øvre Setesdal forskjell på verbformene i eintal og fleirtal: eg kjem’e, men mi kòme, eg fann, men mi funne. Talorda har kjønnsbøying i det tradisjonelle setesdalsmålet, som i gammalnorsk, døme: tvai geuta (to gutar), tvæ jento (to jenter) og tvau votn (to vatn).

Kontrasten på Agder mellom eit avstengt innlandsmiljø og eit kystsamfunn med livlege samband med omverda er altså den historiske bakgrunnen for dei heilt uvanleg store dialektforskjellane mellom dei indre bygdene og kystdistriktet på Agder.

Endringar

Egdemåla er i stadig endring, og det skjer i dag ei utjamning av mange dialektsærdrag. Årsakene til at dialektane endrar seg, er oftast å finna i den moderne samfunnsutviklinga. TV, radio, internett, sosiale medium gjer at folk får kontakt med mange ulike dialektar og språkvariantar. Ein viktig faktor bak dialektendringane er også at mange born nå er ein større del av dagen i barnehage og skule, noko som gjer at foreldra ikkje blir så viktige språklege førebilete som dei var før.

Me har sett at dialektane i øvre Setesdal inneheld fleire arkaiske språktrekk som er nedarva frå det gammalnorske språket. Slike eldre trekk blir i dag lett borte. Det gjeld blant anna bruken av kasusen dativ. I øvre Setesdal er det ofte slik at mange unge i dag snakkar «dalemålet» heime, men i lag med vener i bygda brukar dei eit meir avslipt (normalisert) talemål.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.