Småbruk var i mange år det mest søkte ordet på FINN.no. Dyrtid og pandemi skapte større interesse for ro og for høve til å dyrke eigen mat. I urolege tider kan det vere tryggare på bygda enn i byen. Ein er også ute av «Matrix» – det å vere slave under andre; ein bestemmer meir sjølv over eige liv. På andre sida: Gardsliv inneber hardt arbeid store delar av døgnet, og dei fleste klarer ikkje å leve av jordbruk aleine. Det har vi ikkje minst sett den siste tida med bondeopprør mot at ikkje ein gong «bondepartiet» Senterpartiet var på parti med bøndene.

Kari Bremnes syng «Det sku bo folk i husan. Husan e som folk. Folk treng hus og hus treng folk i all si tid.». Det store spørsmålet er: Korleis kan vi få fleire menneske til å finne seg til rette i bygdene før dei ender opp som spøkjelsesbyar? Setesdal frå Byglandsfjord og oppover er etter mitt syn eitt av dei vakraste områda her i landet, ikkje minst takka vere fjorden. Åseral og Sirdal har også sin store sjarm utanfor dei store hytteområda.

Kan hyttefolket og bygdefolket finne ei felles semje for oppjusterte levekår? Inntil nå har utmagra bygdekommunar med hytteområde lagt seg flate for kapitalismen utan å få tilbake stort meir enn øydelagd natur. Kan bygdefolket og hyttefolket møtest om det som er kjernen i saka, at det trengst levande bygdesamfunn med folk i både hus og hytter? Er det vilje og kjærleik nok, kan mange arbeide nesten like mykje frå ein landstad i bygda som på kontoret i byen.

Kan bygdefolket og hyttefolket møtest om det som er kjernen i saka, at det trengst levande bygdesamfunn med folk i både hus og hytter?

Kan problema i små bygdesamfunn vere meir avmakt enn motvilje, sjølv om bygdedyret har ein tendens til å reise hovudet når det får tusle rundt lenge nok. Må bygdefolk akseptere at ein del av oss sit på gamle småbruk der ein ikkje kan bu fast? Elles kan konsekvensen bli at ein sel staden og forsvinn for godt frå bygda ein elskar? Kan ein gå i dialog om alternative løysingar?

Alt dette er delar av tema-pakka på Protestfestivalens prologdag 29. august i år. Prologen er i ferd med å etablere seg fast i ein av dei mest avfolkingstruga kommunane i Agder, Bygland med vel 1000 sjeler. Dette er heilt naturleg for ein motstraumsfestival. Om det ikkje bur folk i alle husa, har det vist seg å komme mykje folk på arrangementa til Protestfestivalen der i bygda!

Svein Inge Olsen

Til prologen kjem bl.a. Joakim Broman, som er redaktør for den svenske tankesmia Smedjan. Han vaks opp på den nå svært så avfolka svenske landsbygda, på ein stad som heiter Ramsele. Tidleg på 1990-talet blei der bygd nye hus, ein hockeyhall og eit senter for slektsforsking. Nå 30 år seinare er dei fleste butikkane stengde, og husa står tomme. Kva skjedde? Er det mogleg å vekke til live det som er att av bygdene i dag? Broman har skrive historia til bygda si i boka «Döden vid Faxälvens strand. Om sveket mot landsbygden och framtiden i periferin». Han meiner dei tre makrotrendane globalisering, urbanisering og digitalisering (GUD), har bidrege sterkt til avfolkinga.

Broman peikar på at bustadprisane på bygda ofte er så låge at det ikkje er noko poeng i å selje. Affeksjonsverdien blir større enn den økonomiske verdien. Det har ført til at vi ikkje har lykkast med å gjere om tomme hus til hus folk vil bu i, skriv han.

Eg sit sjølv i glashus med eit gammalt småbruk etter besteforeldre, sjølv om eg ikkje eig det åleine. Det er sannsynlegvis ikkje verd å selje, fordi bygda – særleg når ein blir eldre – gir så mykje tilbake, sjølv om ein ikkje er fast busett der.

Broman meiner småstadene ikkje må få kvalitetane og føresetnadene sine øydelagde av velmeinande politikarar og byråkratar. Ingen skal få bygge ut vasskraftverk, forstyrre dyrelivet eller skogbruket eller stille så høge krav til skogbruket at berre store firma kan drive med det. Elles vil bustadprisane falle ytterlegare. Dette harmonerer med tidlegare Valle-ordførar Steinar Kyrvestads utspel om at skal bygdene lykkast, trengst det ein bustadpolitikk som gjer at det lønner seg å bygge. Han har illustrert situasjonen slik: Bygger du bustad i Valle, blir verdien redusert med 50 prosent den dagen nøkkelen blir vridd om. Som konkret mottiltak foreslår han momsfritak for bustader i distrikta, både for nybygg og for restaurering. For å halde oppe liv på bygda vil eg for min del også slå eit slag for viktigheita av kultursatsing, og moglegheita for å vere hobbybonde.

Hyttefolk og bygdefolk bør kunne einast om at avfolking er dårleg reklame for bygde-Noreg. Den amerikanske countryartisten Sam Outlaw, som var i Kristiansand nyleg, song ein song han tileigna den avdøde norske mor si, ein song som dessverre gir eit flaut bilete av vårt vakre Noreg. Omsett lyder ei line slik: «Skulle ønske du kunne sjå denne staden slik han ein gong var, då industrien fanst. Skulle ønske du kunne kjenne på livet i desse gatene, men du kan ikkje, du kan ikkje, for eg er på veg gjennom ein slags spøkjelsesby».