I eit vakkert hjørne av internett, i dataspelet Minecraft, ligg The Uncensored Library, konstruert og publisert av Reporters Without Borders. Inne i dette virtuelle biblioteket, laga av store klossar i Minecraft-stil, ligg ein oversikt over korleis det står til med pressefridomen i ulike land. For tida ligg Noreg på topp på denne pressefridomsindeksen.

I eit anna hjørne av internettet, på Wikipedia, er Noreg plassert på toppen av Wikipedias demokratiindeks.

Pressefridom og ytringsfridom er begge, på kvar sitt vis, avhengig av tilgang til kunnskap, og ny kunnskap må formidlast slik at folk forstår og ønsker å delta i opplyste debattar sjølv.

Professor Magnhild Selås.

I eit særleg poetisk utdrag frå stortingsmelding 2022:2 om akademisk frihet står det:

«I en hverdag som er økende kompleks, der informasjonstilgangen og –utvekslingen er enorm og enormt rask, blir våre menneskelige svakheter enda tydeligere. Særlig når de får hjelp av algoritmer med mål og virkemåte vi har lite innsikt i. Vi luller oss inn i ekkokamre eller lar oss opprøre til fornuftens fortrengsel. Det blir større avstand mellom de som har, og de som ikke har, kvalitetssikret kunnskap.»

I ekkokammer sirkulerer meiningar utan å møte motstand frå andre syn. Dei er det motsette av ope tilgjengeleg og kvalitetssikra fagkunnskap.

For at fagkunnskapen skal vere tilgjengeleg, må den formidlast på ein forståeleg måte. Fag treng sitt eige fagspråk for å vere presist nok, og dette fagspråket har ofte internasjonale begrep. Dette språket må studentar lære.

Samtidig veit vi at dei fleste tenker, lærer og uttrykker seg best på førstespråket sitt. I tillegg fortel ein heilt ny rapport om engelsk og norsk at når forelesarar vel pensum i høgare utdanning, er dei klar over at ni av ti studentar skal ut i ein norskspråkleg arbeidskvardag. Rapporten er til dømes gjengitt av Khrono 26. april .

Vi veit òg at norske språkferdigheitar er høgt verdsett av arbeidsgjevarar. Eit viktig oppdrag for dagens studentar er jo å ta med seg det nytileigna faget sitt frå universitet, høgskule eller fagskule ut i samfunnet. Då må dei kunne bruke eit fagspråk som både skulebarn, journalistar, samfunnsliv, næringsliv og offentleg forvaltning forstår.

Likevel vel ofte førelesarane engelskspråkleg faglitteratur. Det kan vere gode grunnar til det: Ein skal møte språket som høyrer til faget sitt. Det har ofte internasjonale termar. Dessutan er engelskspråklege bøker ofte flittig reviderte. Dei kjem i fjonge pakkar med tilhøyrande digitale øvingsoppgåver og kanskje endåtil ferdige oppgåvesett slik at studentane kan teste seg sjølv og sjå om dei har lært det dei skal.

Det ein då risikerer, er minst to ting. For det første kan det vere at fagstoffet og døma som blir gitt, ikkje stemmer overeins med slik vi gjer det i Noreg. Viss til dømes lærebøkene i bedriftsøkonomi er henta frå amerikansk bedriftskultur, vil ikkje døma alltid passe på norske bedrifter.

For det andre risikerer vi at fagspråket mister koplinga til daglegspråket. Det blir vanskelegare å snakke om nevrobiologi eller e-helse til ikkje-fagfolk dersom ein ikkje har eit norsk fagspråk. Dermed risikerer vi at vi tar frå lekfolk tilgangen til kunnskap. Då er vegen kort til å søke kunnskap eller støtte for sitt eige syn hos andre enn fagfolk, til dømes slik at ein bare tar til seg den informasjonen datateknologien trur vi er interessert i.

Eit første steg er å la studentane få norske fagbøker, skrivne med norske eksempel.

Frå eit demokratisk perspektiv kan vi ikkje risikere at dei som ikkje har kunnskap, heller ikkje klarer å ta til seg ny kunnskap, og heller ikkje vil delta i faglege ordskifte, fordi fagspråket står i vegen.

Eit første steg er å la studentane få norske fagbøker, skrivne med norske eksempel. I det minste bør dei få lister med sentrale begrep på norsk. Då vil desse meir forståelege begrepa etter kvart sildre ut i det vi kan kalle det fagspråklege kretsløpet: i media, i offentlege rapportar, i skulebøker, anbudstekstar og leksikonoppslag. Slik blir fagkunnskapen meir tilgjengeleg for alle.

For tida ser vi ser tydeleg kor viktig det er å vere i stand til å vurdere kva som er rett og kva som er urimeleg, kva som er sensur og kva som er tendensiøs, vridd eller lada informasjon. Folk flest må kunne ta til seg og vurdere informasjonen vi er omgitt av, slik at ikkje datateknologien og ekkokamra tar over. Å bruke norsk som fagspråk er eitt bidrag i å gjere kunnskap tilgjengeleg for flest mogleg.

Foto: Berit Roald / NTB