Sist månad var eg i Mosul, storbyen i Nord-Irak. Byen som hadde vore det viktigaste senteret for kristne i landet, vart tømt for kristne då IS tok over byen i juni 2014. Dei kristne fekk beskjed: Dei kunne bli muslimar. Dei kunne betala skatt og innordna seg som mindreverdige borgarar i kalifatet. Eller dei kunne flykta. I motsett fall ville dei bli drepne.

Eg møtte Anmar. Første gongen han såg eit menneske som var drepe, var ungguten 16 år. Han og familien kom seg ut i live. Kristne flykta i skrekk og kjem aldri til å venda heim.

Kalifatet som skulle gå over landegrenser, skulle reinsast for dei vantru. IS-krigarar vart lærte opp til å tru at dei æra Allah ved å drepa eller fordriva dei vantru for å byggja kalifatet. Sjølve ville dei bli martyrar dersom dei mista livet.

Ein ideologi som er svært like islamistane sin, vert også brukt for å rettferdiggjere bestialiteten i Ukraina. President Putin kallar ikkje motstandarane sine for vantru, men for nazistar. Og han får kyrkjeleg hjelp til å reinsa det storrussiske riket, sitt russiske «kalifat».

Medan eg var i Irak, lovde patriark Kirill i Den russisk ortodokse kyrkja martyrium for russiske menn som går i krigen for Putin: «Ver modige og gjer den militære plikta dykkar. Og hugs at dersom du ofrar livet for landet ditt, vil du vera med Gud i hans kongerike, i hans ære og få evig liv.»

Medan eg var i Irak, lovde patriark Kirill i Den russisk ortodokse kyrkja martyrium for russiske menn som går i krigen for Putin.

Patriark Kirill har heilt sidan krigen starta, velsigna krigen. Han har grunngjeve forsvaret for krigen med kampen mot vestlege verdiar, ikkje minst Pride.

Går heller i fengsel

Uroa og frykta spreier seg hos russiske menn som ikkje vil gå i krigen, verken på patriarkens eller presidentens ord. Eg fekk akkurat melding frå ein russisk-ortodoks prest som går i fengsel, dersom han ikkje kjem seg ut av landet før mobiliseringsordren måtte koma. Han og ein gamal prestekollega samanlikna tidleg overfallet på Ukraina med Kains mord på broren Abel, som vi les om i Bibelen.

Det er misbruk av kristendommen å manipulera folk til å tru at det er Guds vilje å terrorisera eit nabofolk og sjølv kanskje falla på slagmarka. Det er grufullt at patriarken kallar dei som nektar å drepa, for svikarar og på den måten dømmer dei til fortaping.

Det er ingen vesentleg skilnad på martyrteologien til patriarken og den bestialske martyrideologien til IS. IS-ideologien fortel muslimske kvinner og menn at dei ærar Allah ved å drepa vantru, også ved å ofra eigne liv.

Det er ingen vesentleg skilnad på martyrteologien til patriarken og den bestialske martyrideologien til IS.

I kristen tenking blir ingen martyr ved å drepa andre. Det er derimot terror å drepa og kanskje falla sjølv i Putins krig i Ukraina. Martyrium er derimot å ofra sitt eige liv for trua. Eitt døme er dei 21 koptiske mennene som kaldblodig vart drepne av IS-bødlar på ei libysk strand i 2015. Dei ville ikkje fornekta Kristus. Etterpå vart dei erklærte som martyrar av Den koptisk ortodokse kyrkja.

Det er ein martyrteologi som ligg fjernt frå Kirills brutale og dødelege vranglære. Han har mykje å læra av den koptisk ortodokse kyrkja i Egypt.

Den russisk ortodokse kyrkja har sine eigne, ekte martyrar. Mange mista livet for kristentrua under kommunismen og ateismen, ikkje minst under Stalins blodige herjingar. Men Kirill og forgjengaren hans som patriark, Aleksej II, har snakka svært lite om den brutaliteten som kommunismen utsette kyrkja for. I staden har dei med religiøs retorikk hjelpt Vladimir Putin med å mobilisera ny russisk nasjonalisme, med krig for utvida grenser. Patriark Kirill vanærar no dei sanne martyrane i si eiga kyrkje.

Kristne teologar har gjennom åra fjerna seg frå ein farleg korsfararteologi. Toppleiinga i den russisk ortodokse kyrkja har ikkje vore med på den reisa. I staden har Kirill jubla for ein eigen krigskatedral i Moskva, velsigna russiske atomvåpen og gitt Putin religiøs legitimitet til brutale felttog både i Georgia, Tsjetsjenia og Ukraina. Patriark Kirill stiller seg slik i rekkja av religiøse ekstremistar som vi elles finn i både islam, hinduismen og buddhismen. Ekstreme buddhistmunkar er blant militærjuntaens beste støtter i Myanmar. I India hissar hinduekstremistar til vald for å gjera India til eit land for hinduar og kvitta seg med muslimar og kristne.

Verdas kyrkjeleiarar må ta eit kontant oppgjer med Kirill og hans tolkingar av evangeliet når han lovar evig liv for terror på ei ukrainsk slagmark. Ein slik teologi kan ikkje ha nokon plass i eit globalt fellesskap av kyrkjer.

I Nord-Irak møtte eg kristne frå både ortodokse og protestantiske kyrkjesamfunn. Dei brukar alle kreftene til å byggja opp att liva til kristne og jesidiar som vart offer for brutaliteten til IS. Dei er inspirerte av den kjærleiken Jesus viste. Det same er kristne i Ukraina som hjelper offera for den terroren presidenten får driva med patriarkens grufulle støtte.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.