Den russiske presidenten har i heile si tid som president medvite brukt religion for å legitimere makta. Banda mellom Putin og Den russisk-ortodokse kyrkja er blitt tettare og tettare etter at Putin kom til makta i år 2000. I 2007 fastslo Putin at ortodoksien gjev den russiske staten intern tryggleik, medan kjernevåpna sikrar ekstern tryggleik.

Banda mellom Putin og Den russisk-ortodokse kyrkja er blitt tettare og tettare etter at Putin kom til makta i år 2000.

Kyrkja, leia av patriark Kirill, har laga eigne rituale for å velsigna atomvåpen og andre masseøydeleggingsvåpen. Dette er våpen som Putin har rasla med i Ukraina. Vi snakkar om ei kyrkje som lærte seg å elska atombomber.

Krigersk katedral

Det største monumentet over den tette alliansen mellom kyrkje og militærmakt finn vi i ein prangande katedral, militærgøn i fargen, i utkanten av Moskva: «Katedralen til dei væpna styrkane» ligg i «Patriotparken, mellom utstillingar med hyllest til militære sigrar og våpen.

foto
Johannes Morken. Foto: Privat

Katedralen er innvigd til Russlands «heilage krigar». Inne i katedralen finn vi ei liste over minneverdige slag – flankert av englar. Dei siste slaga er Georgia i 2008 og Krim i 2014. «Deretter følger et tomt felt hvor fremtidens seire kan skrives inn. Det er til å få frysninger av», skriv professor Eivor Oftestad i Klassekampen.

Då patriark Kirill innvigde katedralen saman med forsvarsminister Sergei Shoigu den 14. juni i 2020, forklarte den ortodokse kyrkjefyrsten: «Det er harmoni mellom makta til dei væpna styrkane og den åndelege makta til kyrkja».  Så la Kirill til: «Herren vernar folket vårt frå ytre og indre fiendar».

Vi minnest med gru Putins ord frå 2007. To år etter at katedralen vart opna, legg Putin og forsvarsminister Shoigu altså delar av nabolandet Ukraina i grus. Dei gjer det med velsigning av patriark Kirill. Patriarken brukte i ei preike drygt to veker etter invasjonen, oppsiktsvekkjande nok, Pride-paradar som forsvar for krigen, for å stogga vestlege verdiar. Fleire av Putins ideologar har opp gjennom åra brukt liknande retorikk mot Ukraina.

Kyrkja lid av farlege åndelege vrangførestillingar, skriv ein russisk-ortodoks prest som protesterte mot krigen og no har reist frå Russland for ikkje å bli bura inne.

Djup splitting

Den russiske krigen mot Ukraina starta ikkje i februar, men i 2014. Russlands annektering av Krim og støtta til utbrytarrepublikkane i Donbass førte til djup splitting i Den ortodokse kyrkja i Ukraina. Delar av kyrkja braut med Kirills Moskva-patriarkat i 2018.

Då patriark Bartolomeus i Konstantinopel (Istanbul) erklærte Den ortodokse kyrkja i Ukraina som sjølvstendig kyrkje hausten 2018, vart president Putin rasande. Han samla tryggingsrådet til hastemøte. Pressetalsmann Dimitrij Peskov sa etterpå at Russland ville forsvara dei Moskva-tru ortodokse i Ukraina.

Kva Putin meinte med det, har vi med gru sett sidan 24. februar.

Etter invasjonen i februar har alle kyrkjene i Ukraina stått saman, for fred, mot Putins kyrkjevelsigna krig. Den ukrainske ortodokse kyrkja som heldt fram i lojalitet til Moskva i 2018, har no gjort opprør mot Kirill. Patriarkens velsigning av invasjonen og at omsynet til kyrkja deira er brukt som argument for Putins blodige brutalitet mot nabofolket, har utløyst ektefølt sinne i Ukraina.

Utan trusfridom

Kva som vil skje i dei delane av Ukraina som Putin klarar å erobra og deretter russifisera, veit vi frå åtte år med russisk støtta regime i utbrytarrepublikkane i Donbass. Det vil bli samfunn utan tanke- og trusfridom.

Artikkel 9 i «Konstitusjonen» for «Folkerepublikken Donetsk» gjev religiøst monopol til Den russisk ortodokse kyrkja (Moskva-patriarkatet). Alle ortodokse kyrkjer som ikkje er lojale til Kirill, blei der nekta registrering – dei er ulovlege. Det same gjeld katolske kyrkjer og baptistar, pinsevenner og andre protestantiske kristne.

Lagnaden kan vera blodig: Like etter at russisk støtta opprørarar tok makta i utbrytarrepublikken Donetsk i 2014, vart fire medlemmar av ei pinsekyrkje i byen Slavjansk drepne.

Også i utbrytarrepublikken Luhansk var det berre Moskva-lojale ortodokse kyrkjer som fekk godkjenning. Alle andre blei difor ulovlege.

Nyhendetenesta Forum 18 dokumenterer i ein analyse som kom like før invasjonen i februar, at regimet i Luhansk har straffa kyrkjelydar med store bøter når dei har halde gudstenester utan lov. Ikkje-registrerte kyrkjer er blitt utsette for politirazziaer. Tryggingspolitiet har overvaka kyrkjer og skapt ein atmosfære av frykt.

Eit mørkt teokrati

På lista over «ekstremistiske» bøker som er forbodne i Luhansk, står også ei utgåve av Johannesevangeliet, opphavleg publisert i 1821. Boka var trykt på eit baptist-eigd trykkeri og blei konfiskert under ein omfattande politirazzia der alle konfiskerte bøker blei svartelista.

Det er meir slikt i vente i områda som Putin no krigar til seg.

«Det som skjer i pseudo-republikkane Donetsk og Luhansk er eit perfekt bilete av det dystopiske ortodokse teokratiet som Putins ideologar har i tankane for ‘den russiske verda’ som dei stadig utvidar grensene for,» skriv Massimo Introvigne i nettmagasinet Bitter Winter.

Det er det all grunn til å skriva under på.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.