Skriftleg eksamen er i skikkeleg koronatrøbbel om dagen. På Gjøvik vart det nyleg kaos då ein multiple choice-eksamen vart avvikla utan at lærestaden hadde testa kva som skjedde om studentane kryssa av på alle alternativa på spørsmåla. I Trondheim etterforskar NTNU 60 studentar som er mistenkte for å samarbeide under heimeeksamen. Dessutan er det mange studentar som opplever andre utfordringar. I ei undersøking ved UiO i år svarte nesten halvparten av studentane at dei ikkje hadde ein godt nok eigna arbeidsplass heime siste eksamen.

Desse utfordringane vil også gjelde for elevar i den vidaregåande skolen, om dei skal ha skriftleg heimeeksamen til våren. I Osloskolen tar rektorane til orde for å droppe skriftleg eksamen, noko som har fått ein skeptisk kunnskapsminister til å setje ned eit utval som skal sjå på saka. Utdanningsdirektoratet arbeider dessutan nett no med endringar i eksamensformene, i tråd med Fagfornyinga. Kva dette vil innebere for skriftleg eksamen er det ingen som veit enno. Særleg med tanke på sidemålseksamen i norsk har det gått ei kule varmt i sosiale media denne hausten. Programvare som Apertium.org kan omsetje bokmålstekstar til nærmast perfekt nynorsk, når det gjeld rettskriving. Om elevane ikkje lenger treng å lære seg bøyingsreglane for e-verb og a-verb, for ikkje å nemne det sterke verbet å skrive, kva skal vi då med skriftleg eksamen i nynorsk som sidemål? Det er det mange norsklærarar som lurer på.

Dagens måte å gjennomføre skriftleg eksamen på – om det er som heimeeksamen eller i eit klasserom – er ei utdatert vurderingsform

Kva skal vi med skriftleg eksamen i det heile tatt, spør eg. Det er eg ikkje åleine om. På Khrono.no tok pedagogikkprofessor Arild Raaheim nyleg til orde for å droppe dagens eksamensform. Han meiner det er ein gammaldags måte å arbeide på. Det kan eg støtte. Skriftleg morsmålseksamen vart lovfesta her til lands i 1805, og mykje har endra seg sidan då. I stillinga mi som stipendiat forskar eg på digital skriving i skolen. Det er den mest vanlege arbeidsforma med datamaskin i dag. Likevel er det mange elevar som ikkje kjenner til sjølv grunnleggande funksjonar som språkinnstillingar og rett bruk av stavekontroll. Digitale ferdigheiter skil seg frå eldre arbeidsformer ved å vere interaktiv, samarbeidsretta og multimodal. Dette stiller krav til kompleks problemløysing og til samhandling med andre menneske, og dessutan med teknologien. Slike «21st Century Skills» er det avgjerande å utvikle for elevar og studentar som skal ut i arbeidslivet. Det verkar då som eit ironisk paradoks at dei fleste av desse arbeidsmåtane blir stempla som juks i dagens skriftlege eksamensordning.

For det andre er det godt dokumentert at denne vurderingsforma, særleg i norsk, har låg pålitelegheit. Svenskane slutta med avgangseksamen i svensk for meir enn 50 år sidan. Skriftleg eksamen i norsk er eit slags kompromiss mellom skriveprøve og prøve i fagkunnskap, som ikkje byggjer på kvalitetssikra vurderingsforsking. Til trass for ei omfattande og kostbar sensorordning har denne vurderingsforma ved fleire høve vist låg reliabilitet. Det vil seie at vi ikkje kan stole på at eit eksamenssvar blir vurdert likt av ulike sensorar. Viss eksamen ikkje kan brukast til å dokumentere ferdigheiter og kunnskap på ein einsarta måte, kva skal vi med denne vurderingsforma då?

Individuelle karaktervurderingar ligg til grunn for opptakssystemet i høgare utdanning, og til ein viss grad også for tilsetting i arbeidslivet. Dette er ei viktig samfunnsregulering, som ein også må ha gode måtar å vidareføre. Men i staden for å bruke skriftleg eksamen som målestokk, i si tradisjonelle form som ein isolert og fråkopla skriveoppgåve, bør ein heller sjå til andre vurderingsformer. Her bør Utdanningsdirektoratet lytte mest til faglærarane som står ute i feltet. Då skriftleg eksamen vart avlyst i vidaregåande våren 2020, opplevde mange lærarar å få betre tid saman med elevane sine. Slik kunne dei kvalitetssikre ein meir reell standpunktkarakter i faget for kvar enkelt elev, utan eksamensangsten og den tilhøyrande frykta for å ikkje klare å prestere godt nok den eine dagen i året der så mykje står på spel. Munnlege prøver, (rett oppsette) skriftlege fleirvalsprøver og mappevurdering er gode alternativ. La faglærarane ta stilling til elevens eller studentens kompetanse. Dagens måte å gjennomføre skriftleg eksamen på – om det er som heimeeksamen eller i eit klasserom – er ei utdatert vurderingsform, som har hatt eit langt (og kanskje godt) liv, men som det no er på tide å legge til kvile, for godt.

Jon Olav Sørhaug, Sensor og stipendiat ved UiA