Idag flirer me av korleis sanitetskvinner og andre godt vetuge folk fortalte oss om kva som var sunn og næringsrik mat. Den gong då eg kom skrikande til verda , på 50-talet, var tilgangen på mat mangelfull og både kunnskap og økonomi gjorde at mange hadde problem med å få i seg nok og helsefremjande mat.

I dag er dette stort sett snudd på hovudet. Dei fleste av oss har ein tendens til å la ganen styra det me stapper i oss - og det bærer ofte galt i veg. Det handlar rett og slett om måtehald. Dei store endringane i levemåten vår har ført til dramatiske endringar i vårt behov for tilført næring.

Eg har vore bonde og matprodusent i 46 år, dei siste 40 åra i det som no er bydel Finsland i Kristiansand. Litt moro det når eg møter folk i sjølve byen som er stolte over at dei har stor tomt å boltre seg på, omtrent eit heilt dekar.

Tomta mi er, til samanlikning, omlag 1200 da og plenane eg slår er 450 da.

Nok om det. Desse plenane eg talar om er jordene mine kor eg dyrkar gras til oksane eg har i fjoset. Slik var livet mitt fram til 1. april i år, då overtok neste generasjon stafettpinnen. For meg har livet som bonde vore meinigsfullt og rikt på små og store opplevingar.

Ingen dagar har så langt vore like.

Rune Undheim fra Finsland, seniorbonde.

I seinare tid har me altså fått både kostholdsråd og klimamelding. Nyleg kom og totalberedskapskommisjonen med si viktige melding.

Som namnet seier handlar denne om beredskap på brei front, også om matsikkerhet i krisesituasjoner. Det er nok å nemna krig og klimaendringar for å skjøna at eigen matproduksjon er viktig. I tillegg til desse tre meldingane er det mange andre og som ynskjer å ha meiningar om korleis landbruket i Noreg skal drivast.

Eg har drive garden min med innovasjon, noko norske bønder har gjort lenge før ordet vart teke i offentleg bruk. Kort fortalt vil det sei at du utnyttar dei ressursane garden din har og du syter for at garden du leverer i frå deg er betre i stand enn den du tok over. Det har blitt gjort her på garden m.a. med nydyrking av jord og oppføring av mange nye bygningar. Dette for å møta framtida sine store utfordringar og stadig nye krav.

Både meldinga om klima og ernæring gjev meg eit slag på nakken

Eg har levd i god tru, og til og med til tider vore stolt av det som har vorte utført her dei siste 40 åra. Både meldinga om klima og ernæring gjev meg eit slag på nakken, medan beredskapsmeldinga, rett nok, gjev arbeidet eg har lagt ned ein viss legitimitet.

Nydyrking av 100 da myr er i dag nærast for eit alvorleg brotsverk å rekne. Den gong eg gjorde jobben vart denne innsatsen velsigna av samfunnet. Til mitt forsvar vil eg sei at før nydyrkinga var det store utslepp av karbon frå myra då store deler av arealet var utan vegetasjon. I ettertid, i mange år, har me henta store grasavlinger frå nettopp dette arealet, også i tørkeår. Samstundes som grasproduksjonen der binder store mengder karbon.

Det neste brotsverket eg kjenner meg skuldig er at dette graset vert brukt til å produsera raudt kjøt til det norske folk.

I vinter fekk eg beskjed om at eg hadde kreft på bukspyttkjertelen. Flinke legar og kraftig cellegift gjer at eg framleis har et godt håp om å motta alderstrygd i mange år frametter. Dette raude kjøtet som mest tok livet av meg sjølve - kan i verste fall ha ført til at andre, heilt ufortent, har enda sine dagar og i dag ligg til evig kvile i vigsla jord.

Eg burde vera skamfull og be om orsaking for desse brotsverka, men som det stundom vert sagt i rettssalen så vert det lagt til grunn at vedkomande handla i god tru. Det har eg gjort, samstundes som eg har lagt sunt bondevit til grunn for mine handlingar.

Når ein prøver å setja seg inn i slike meldingar som me har vore innom nå så lurer eg beint fram på kor nettopp dette sunne bondevitet har teke vegen.

Rett nok minkar talet bønder dramatisk. At denne livsviktige kunnskapen etter kvart vil forsvinna ut or samfunnsdebatten er, i mine augo, eit stort tap. Ei dramatisk utvikling. Eg har stundom, beint fram vore inne på tanken om eg skulle vær så frimodig og melda meg til teneste i skuleverket.

Det burde vere unødvendig med store kostbare offentlege meldingar og utgreiinger for å fortelja oss at dersom du, over tid, et meir enn lekamen eigentleg treng, så vert sluttresultatet heller kleint. Det veit me alle. Bønder og matprodusentar medrekna.

Mitt store brotsverk er altså at eg på garden min i Finsland, ein bydel i Kristiansand, produserte meir enn 100 000 kg storfekjøt kvart einaste år. Av beste kvalitet. Kortreist – og truleg svært så berekraftig.

I ein uroleg verden kor hundretusener av mennesk døyr av svolt. Kvar einaste dag.