Det gjeld spesielt i delingssaker iverksett av regjeringa.

For landet som heilheit betyr ei slik endring også at eit visst tall innbyggarar kan søke regjeringa om reversering, ved tvangssamanslåing. Eg har lest allereie at fleire kommunar flørtar med tanken på reversering. Det er gitt uttrykk for dette blant anna i Lindesnes kommune. Det er førebels sprette tankar.

Dei som kjemper for frivilligheitsprinsippet, har organisert seg, og er vel dels å oppfattast som aksjonistar, for å fremme frivilligheitsprinsippet. Dette prinsippet føreset at ingen kan slå saman ein kommune mot folkeavstemning og kommunestyret. Spesielt Senterpartiet held fast på at ingen kommunar skal verte slått saman mot fleirtalet i ei folkerøysting, nærast utan krav til deltakarprosent.

Derfor har regjeringa imøtekome ei innbyggarhøyring for Søgne og Songdalen sitt vedkomande. Premissa regjeringa legg til grunn er motsett av fleirtalet i Stortinget i 2017.

Det er og viktig å seie at i 2017 gjaldt ikkje frivilligheitsprinsippet, slik regjeringa vil no, fordi det var einigheit om at når ein kommune stengte for samanslåing av tre kommunar, kunne den eine bli tvangssamanslått.

Likevel opnar regjeringa for reversering. Det gjer dei ved å innføre ei endring av Inndelingslova, som sannsynleg blir vedteke 28.11.23. Denne gir moglegheit for å løyse opp fleire kommunar. Per i dag ligg det ingen nye slike saker på bordet til kommunalministeren, men dei kan fort kome.

At Stortinget ser ut til å gå med på denne endringa undrar meg. Korleis skal kommunane få ro til god planlegging ved auka sannsynlegheit for reversering. Korleis skal vi få brukt dei offentlege midlar fornuftig i krisetider med aukande behov i fordelingsspørsmål? Kor høge ville utgiftene blitt om alle dei 11 kommunane som kunne søke reversering no, hadde gjort det?

Atle Julius Fosse

Kven tener mest på endringa i Inndelingslova per i dag? Jau, aksjonistane og dei regjeringar som står for eit einsidig frivilligheitsprinsipp. Dei parti som meiner at ein av og til treng eit overordna perspektiv og ei revurdering av kommunestrukturen, gitt endringar i økonomi, organisering og kommunikasjon, taper på endringa no.

Men seinare kan det motsette skje. Tilhengarar av eit betinga frivilligheitsprinsipp; vil kunne revurdere kommunedeling, og slår dei saman igjen. I teorien kan ein då reversere på nytt. Slik kan ein halde på og lage kaos og fråvær av kontinuitet i kommunane.

Etter mi meining er det to ting som kan førebygge dette. Det eine er at den neste regjering gjer ei endring i Inndelingslova, der ein slår fast at ingen kommune kan løysast opp ved deling i påfølgande regjeringsperiode. Det gjer at det nye kommunestyret får fungere ut si tid på 4 år, og ein slepp nyval. Om no Kristiansand skal delast i 2026, må det både ei endring til i kommunelova og ein må ha nyval. Elles må ein vente til 2028, som også er svært uryddig av regjeringa. Dette er gjort godt greie for av Fædrelandsvennen.

Om no Kristiansand skal delast i 2026, må det både ei endring til i kommunelova og ein må ha nyval. Elles må ein vente til 2028.

Den andre måten å førebygge mangel på kontinuitet på, er å lage nye nasjonale retningslinjer (i dag har vi lokale, men ikkje nasjonale) for folkerøysting. I denne samanheng slå saman krav til gyldig kvalitet av folkeavstemningar, både kommunalt og nasjonalt.

Det som er heva over ein kvar tvil, er at det regjeringa har sagt er tilstrekkeleg i denne samanheng, er svært lite truverdig, gjennomtenkt og demokratisk. Det vil derfor også sjå svært dårleg ut om SV og vil akseptere 50,1 prosent eller der omkring som nok for deling, slik Arbeidarpartiet har gjort. For å redusere framtidig støy og tull rundt ein eventuell repetisjon av 50,1 prosent i eit valgår, bør regjeringa sette i gong eit arbeid med slike retningslinjer.

Det som er heva over ein kvar tvil, er at det regjeringa har sagt er tilstrekkeleg i denne samanheng, er svært lite truverdig, gjennomtenkt og demokratisk.

Eg har skrive det før; at det er gjort undersøkingar i forbindelse med kommunereforma i 2017, der konklusjonen er at ca ein tredjedel av folkeavstemningane i 2016, var udemokratiske. For meg er det derfor uforståeleg at ei oppegåande regjering vil handheve frivilligheitsprinsippet med så lemfeldige krav til gyldigheit som det regjeringa Støre legg opp til.

Eit spørsmål som ennå ikkje er svara på, er kva forskrifter regjeringa vil utforme for folkerøysting i slike saker. Har regjeringa fullmakt til å utarbeide desse utan at Stortinget kan sei si meining? I så fall vil det vere svært viktig at stortingsrepresentantar som er ueinige i 50,1 prosent som tilstrekkeleg, gjer det klart 28.11.23, og at ei endring i lnndelingslova basert på frivilligheitsprinsippet må føresette ei demokratisk folkerøysting. Det må spegle eit delt syn på frivilligheitsprinsippet, i det minste gjennom ei meiningsmåling i Kristiansand, i tillegg til folkerøysting.