Mykje av auken i matprisar og straumutgifter heng saman med krigen. Ukraina er Europas kornkammer, og kva skjer når omverda ikkje lenger har tilgang til kjelda? Hans Bårdsgård i Nationen skriv om dette: «Svartjorda ved Svartehavet er ekstremt fruktbar, det er våronntid. Dessverre er det ekstremt lite fristende for bonden å sitte på traktoren under beskytning av jagerfly».

Noreg seiest å vere det landet i verda som har minst sjølvforsyning. Det er urovekkande.

Har vi vore for godtruande og tenkt at vi kunne kjøpe all den maten vi treng? Det er berre to år sidan Solberg-regjeringa avviste Stortingets krav om attreising av beredskapslager for korn. Etter ein pandemi og ein russisk invasjon i eit europeisk land ser vi at det uventa kan skje så raskt at regjeringa ikkje rekk å sette i verk nødvendige beredskapstiltak.

Svein Inge Olsen. Foto: Kjartan Bjelland

Finland har derimot alltid vore føre var. Da Noreg og Sverige etter slutten av den kalde krigen kutta i forsvarsutgiftene, heldt finnane fast på sitt invasjonsforsvar. Landet har også store beredskapslager for korn, brensel, medisinar, kjemikaliar og andre nødvendige råvarer. Og dei har fleire tilfluktsrom enn oss. Axel Hagelstam, direktør for planlegging og analyse i Försörjingsberedskapscentralen, seier til Aftenposten at erfaringane frå vinterkrigen 1939-1940 sit att i den finske mentaliteten. Lærdommen var at landet må kunne klare seg sjølv. Magnus Håkenstad, som er forskar ved Institutt for forsvarsstudier, seier at finnane har ein tankegang som er nøktern, hardkokt og målretta.

Kornbonde og tidlegare administrerande direktør i Norske Felleskjøp Lars Fredrik Stuve har argumentert for beredskapslager for korn i mange år. Og han har møtt mykje motstand. Til Nationen seier han at «et beredskapslager er en forsikring for fellesskapet». Kari Gåsvatn i same avis skriv at «millioner i Egypt og Afrika blir fratatt sitt daglige brød, fordi en diktator over natta kan diktere kornmarkedet. Det avslører hvor sårbar maten er». Vekeavisa Dag og Tid har på trykk ei stor sak om korn i krisetid: «Klimaendringar. Pandemi. Krig. Priseksplosjon. Er det no Noreg skal lagre matkorn med tanke på matkrise?» spør avisa. Saka i Dag og Tid handlar til stor del om nokre siloar i Stavanger som Stortinget vedtok å bygge i 1962. Her lagra staten korn i beredskap for tøffe tider. Siloreisinga må ha stått fram som eit symbol på ansvar og tryggleik.

Det er også noko symbolsk over måten vi har tenkt dei siste åra, ikkje minst her i Kristiansand. Det har skjedd samtidig som politikarar og andre kjendisar i byen har krangla og snakka ufint om kvarandre, også i bystyret. Kunstsiloen på Odderøya, som var den mest omtalte politiske saka i byen for få år sidan, står om eit par år ferdig til både glede og irritasjon, og den skal marknadsførast som Nord-Europas mest nyskapande kraftsenter for kunst- og kulturopplevingar. Kunstsilo-prosjektet blir bygd rundt ein prislønt og verneverdig kornsilo frå 1935, som var teikna av arkitektane Arne Korsmo og Sverre Aasland. Kanskje – om krisa utviklar seg – vil det ferdige bygget minne oss på at vi burde hatt fleire kornsiloar enn kunstsiloar?

Nå som mat, bensin- og straumprisar er skyhøge, vil nok færre ha råd til å gå på noko som helst. Det som nå gjeld, er om vi har nok mat og pengar til straumrekninga; at pandemien ikkje returnerer, og at krigen i Ukraina tar slutt på fredeleg vis.

Men vi kan jo sjølvsagt på «sørlandsk vis» tenke at både freden og dei betre tidene kjem tilbake før hausten. Vi er jo meir «lettbeinte» og blide enn finnane her i Kristiansand, her som alt er så «greitt».

Både Kristiansand som potensiell «lykkeby» og norsk sjølvforsyning vil stå på programmet når Protestfestivalen blir arrangert att i september. Så kan det vere verd å minne om at Maslows behovspyramide framleis gjeld i verda, der mat og tryggleik er det lågaste trinnet.

Kan sjølvforsyninga og tryggleiken ha medverka til at finnane er så mykje lykkelegare enn oss?

For ikkje lenge sidan blei det klart at sjølvforsyningslandet Finland for femte år på rad toppar lista over land det er lykkeleg for innbyggarane å bu i. Nå har dei dratt ytterlegare frå Danmark på andreplass. Noreg søkk på lista og er dårlegast i Norden. Kriteria for «lykkebarometeret» er baserte på omsorg, fridom, generøsitet, ærlegdom, helse, inntekt og godt styresett. Har vi noko å lære av landet med dei tusen sjøane? Nå skal vi visst få badstuer i Kristiansand, kanskje vil det hjelpe?

Kan sjølvforsyninga og tryggleiken ha medverka til at finnane er så mykje lykkelegare enn oss? Eit nærliggande spørsmål vi bør stille oss i Kristiansand når det gjeld «sjølvforsyning», er korleis vi har kunna stelle oss slik at CB – vårt eige bryggeri – utan vidare kan forsvinne mellom fingrane våre etter å ha vore ein del av den lokale byrgskapen i 162 år? Øl er rett nok ikkje like livsviktig som korn og medisinar, men merkevara er faktisk ein viktig del av identiteten vår.