Nokre gonger kan slikt skje når det er lite gjennomtenkte prosessar og utolmod bak, samt at vilkåra ein skal lytte til risikoanalyser på, er uklare.

Eller no, når Søgne og Songdalen så vidt var kome i gong i arbeidet med å integrere byfolk og bygdefolk i desse kommunar, finn regjeringa det for godt å følgje eit valløfte frå Senterpartiet sumaren 2019, og det verkar som ei underliggande føring ein omkamp av noko dei kallar urettferdig avgjer i Stortinget, gjort i Stortinget 2017. Dette gjer ein i staden for å nøre opp om bygdeidentiteten, og skape levedyktige lokalsamfunn, med kontinuitet.

Det verste å tenke på er at dette sikkert ikkje ville skjedd, om vi hadde hatt Bjørn Arild Gram som kommunal- og distriktsminister framleis. Er det då meir rett å kalle det ein ministeravhengig styringspraksis, eller styring etter Hurdalsplattforma?

Dette gjer ein i staden for å nøre opp om bygdeidentiteten, og skape levedyktige lokalsamfunn, med kontinuitet.

I Norge har vi skiftande regjeringar, og det er forunderleg kor lett den eine regjeringa kan slå i hel arbeid som den førre regjeringa gjorde. Og det på rekordtid. Det vil heilt sikkert og kunne finnast eksemplar frå førre regjering. Men er det ønskeleg med så raske endringar?

Som ein hovudregel skulle det ikkje vore lov å starte eit arbeid med å gjere om på kommunegrenser allereie etter 2 års prøvetid. Det skulle normalt vore 8 års prøvetid!

Ein by og ei bygd får ikkje prøvd seg ut og bli ein del av kvarandre før dei vert rive i sund. Spesielt med så skiftande regjeringar som vi har. Eg vil personleg her sjå bort frå Haram i Ålesund og skiljet av Finnmark og Troms. Rett nok litt underleg at Forsand ikkje fekk gå over frå Sandnes til Strand kommune, då det både var ei folkerøysting som var til fordel for overgang til Strand kommune, og gode geografiske argument også her.

Dette er unnatak, og som handlar om ekstreme geografiske avstandar. Det må vere slike unntak. Men Søgne er ikkje det.

Regjeringa har sagt den vil legge vekt på 3 forhold. Det er kommunestyret sitt vedtak, Statsforvaltaren sitt standpunkt og rapport, samt folkerøysting. Dei to første forholda er avklart. Det er førebels ikkje noko teikn på at den «risikoanalyse», som Statsforvaltaren har gjort, gjer nevneverdig inntrykk på kommunal- og distriktsministeren. Så langt heller ikkje på statsministeren. Så veit vi at det mulegvis er mangel på risikoanalyser regjeringa har vist seg mest svak på.

Eg skal ikkje gå inn på desse sakene, men det er grunn til å spørje om regjeringa burde litt oftare ta eit skritt tilbake, før ein tek to skritt fram. Er det fordi reformiveren er for stor, og at regjeringa vil gjere for mykje på for kort tid? Dette har vi sett ved ei rekke høve, herunder regulering av straumprisar, endring av reglar for tilskot til frivillige organisasjonar, berre for å ta eit par.

Så må eg balansere dette med mange gode forslag til endring i helseføretaka. Desse har vore lite diskutert så langt, men det kjem sannsynlegvis.

Etter mi meining har regjeringa mange gode saker, men skjer det for fort? Og kvifor skjer det for fort? Eg har ikkje noko godt eller sikkert svar.

Tilbake til Kristiansand. Ei smal tolking av det kommunale og fylkeskommunale frivilligheitsprinsippet frå 1995, om at ein kommune ikkje skal verte slått saman med ein annan utan at det er eit ønskje frå dei som styrer kommunen og folket, vert lagt til grunn i saka som er mitt hovudfokus her. Dette prinsippet viste seg ut over, frå ca 2000 og fram til 2017, ikkje å vere godt nok til å ta vare på eit regionalt perspektiv.

Og nokre gonger er regionale omsyn viktigare enn lokale kommunegrenser. For å sjå dette treng ein eit blikk utanfrå, og ovanfrå.

Men om regjeringa ser på kommunegrenser som heilage og urokkelege, med mindre folket sjølv ikkje vil endre dei, og dei folkevalde ikkje får sitje i styrehuset, vil vi bygge Norge på følelsar, utan regionale argument.

Den tidlegare fylkesmann Stein Ytterdahl, som var ein av dei lokale forkjemparane for kommunesamanslåing, vart intervjua i Fvn 28.10. 2016. Det var den gong, som no, sterke følelsar i sving rundt kommunesamanslåing kontra oppløysing. Han sa at det var kommunepolitikarane som hadde den tøffaste oppgåva, og at politikk «er en balanse mellom følelsar, ting som dreier seg om identitet og nærhet, og det som er kald logikk ut fra en analyse». Utfordringane blir ikkje mindre for politikarane ved kommunevalet, når meiningane sprik så sterkt mellom topp og botn i regjeringspartia.

Sjølv skreiv Stein Ytterdahl ei diktbok: «Leder i hverdag», frå den tida han leia eit smelteverk gjennom ei nedgangstid. Eit av dikta handla om leiing og det å vere eit menneske:

«Å lede er

å få ting til å skje

før det må.

Å lede er

å få ting til å skje

når det må.

Å lede er

å få ting til å skje

etterpå å»

Stein Ytterdahl