Denne kronikken er først publisert og bearbeidet hos NRK Ytring

Min eldste son vart 18 år denne veka. Eg las «Lykketyvene» på NRK Ytring. Forfattaren er sjølv 18 og skriv at hennar generasjon har tapt barndommen sin på grunn av sosiale medium.

Eg kjenner eit djupt stikk av velfortent dårleg samvit. Eg er ein av dei foreldra som ikkje heilt visste korleis vi skulle stille oss til smarttelefonane, appane og dei sosiale media.

Det var 2005-barna som måtte ta støyten for vår bratte læringskurve.

Guten min fekk telefon då han slutta på SFO før femte klasse. Det verka naturleg at han hadde telefon då han skulle vere heime åleine før vi andre kom heim. I tilfelle noko skjedde; brann eller innbrotstjuvar eller noko slikt. Vi hadde tenkt å gje han ein Nokia-telefon, men det blei smarttelefon fordi dei andre i klassen hadde det.

Gunvor Sofia Myklebust Almlie

Trebarnsmor og universitetslektor i Teknologi og samfunn, Universitetet i Agder.

Eg hugsar godt uvissa og frustrasjonen. Eg visste ikkje om filterinnstillingar, barneabonnement eller filtrert nettverksmodem. Guten fekk vaksenabonnement og dermed ein ufiltrert smarttelefon. Og heime-åleine-tid etter skulen.

Ikkje forstod eg at den største faren faktisk var verktøyet han hadde fått. Ikkje husbrann eller innbrotstjuvar.

Fy søren som eg skammar meg! Korleis kunne eg vere så dum? Eg har nok ikkje fått vite alt guten blei eksponert for, men internett var vid ope for han.

«Det blir jo menneske av dei uansett», seier ofte vi foreldre når vi inst inne veit at vi har tabba oss ut. Det er jo sant, men kva slags menneske blir dei? Det er vel det vi må spørje oss om.

Det vi veit er at dagens 18-åringar har det dårlegare psykisk enn vi hadde. Dei er mindre robuste og dei er meir stressa og redde for framtida.

Er ikkje det store nok varsellampar for oss? Det er kanskje ikkje alt som skuldast tidleg digital eksponering, men vi kan ikkje utelukke samanhengane. Og ifølgje 18-åringen som skreiv kronikken «Lykketyvene» er samanhengen der.

Det dårlege samvitet eg kjenner på må vel kunne brukast til noko. Er det ikkje derfor vi har eit samvit? Til å lære av det vi gjorde feil? Min 18-åring har to yngre brør, så eg har fått litt tid til å summe meg. Eg veit litt meir.

Eg veit at eg kan kjøpe barneabonnement og bruke filter på telefonen. Vi har filter på modemet og eg har medlemskap i Barnevakten. Heime har vi etablert husreglar for skjermtid som seier kor, når og til kva telefonen kan brukast. Og eg har motvillig erkjent mi rolle som «telefonhauk». Likevel blir det for naivt å vere fornøgd med det.

Eg meiner at vi må einast som samfunn på denne fronten. Kanskje det er slik at barn generelt bør ha eit enklare liv, og at det digitale livet er for komplisert for dei? Vi må vel innrømme at dei digitale plattformene bidrar til ein kompleksitet så stor at vi vaksne heller ikkje heilt har kontroll.

Eg underviser ingeniørstudentar om akkurat dette. Teknologi og kompleksitet, korleis teknologien påverkar menneske og samfunn og kva ansvar teknologen har for det samfunnet vi saman er med på å skape.

Mange fagfolk innanfor teknologi-etikk hevdar at vi har lite kontroll på korleis teknologien verkar på samfunnet. Vi ser stykkevis og delt, men vi er ikkje i stand til å sjå kompleksiteten i heile samfunnssystemet vårt.

Teknologar er dessverre ofte uvitande om sosiale spørsmål knytte til teknologi, politikarar er uvitande om teknologien og vi som brukarar er uvitande om begge. Fåkunne er kanskje nøkkelordet her.

Dei siste åra har forsking vist problemet med både skjermtid, nettilgang og sosiale medium hos barn og unge. Ofte er det kva barna mister som blir synleg i denne forskinga.

Den kanadiske medieforskaren, Marshall McLuhan, skreiv mykje om korleis teknologi påverkar oss som menneske og samfunn. Han skildrar teknologi som noko som forsterkar menneskelege ferdigheiter. Men samtidig som den forsterkar, fører den også til at vi mister evnene våre, hevdar McLuhan. Dette skreiv han på 1960-talet, men det er overraskande aktuelt i dag.

Kva mister barna våre i møtet med appane, iPadane og telefonane? Ifølgje ungdomen sjølv; barndomen sin. Det er ikkje lite.

Mange gangar har eg tenkt at det er forbanna urettferdig at akkurat eg er ein del av foreldregenerasjonen som må gå fyrst i den digitale barneoppsedinga. Vi har fomla nokre år no. Det er på tide at vi snart dreg i same retning.

McLuhan tilbyr faktisk ei slags løysing. Han seier at vi kan motverke teknologiens påverknad ved å bytte ‘teknologi’. Skru av skjermen og les ei bok i staden, foreslår han, men eg vil helst berre flykte til fjells med ungane på slep. Lengst mogleg vekk frå skjermane.

Smarttelefonane og appane har drastisk endra vår rolle som foreldre, enten vi vil eller ikkje. For meg inneber endringa å vere ‘telefonhauk’ og gjerrig på skjermtid. Det er vanskeleg.

Du skulle berre visst kor mykje eg hatar å spele Monopol og Ludo, men har gjort det i timevis likevel, berre for å samle barna om noko anna enn skjermane.

Eg veit ikkje om eg gjer det riktig, men ein ting veit eg: Når til og med barna sjølv uttrykker at dei ønsker å bli skjerma frå skjermane, då må eg gjere mitt.

Eg har ikkje tid til å vente på politikarar og reglement. I mellomtida har ein heil generasjon barn blitt eksponert for altfor mykje kaos.