Vi må fjerne 90 prosent av dagens utslepp, noko som vil krevje ein heilt annan innsats enn vi har sett hittil. Heile samfunnet må igjennom ei omfattande omstilling. Eit regjeringsoppnemnt utval, Klimautvalet, la nyleg fram ein rapport om kva som må til for å komme i mål med ei så omfattande omstilling.

Utvalet startar med målet. Dei har sett på kva utsleppskjelder det vil vere rom for i 2050 dersom det totale utsleppet av klimagassar skal ligge innafor dei vedtekne klimamåla. Vidare har dei sett på kor vanskeleg det er å redusere utsleppa i ulike sektorar. Utvalet konstaterer at det er avgrensa kor mykje ein kan redusere utsleppa frå matvareproduksjon. Det er også vanskeleg å bli kvitt alle utsleppa frå oljeutvinning.

Desse to utsleppskjeldene åleine kan overstige målet på 5 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Matproduksjon må vi ha. Derfor har utvalet foreslått ein pause i leiting etter olje og gass inntil regjeringa har laga ein langtidsplan for nedtrapping av oljeaktiviteten. Andre område enn desse to sektorane må fjerne praktisk talt alle utslepp. Det kan sjølvsagt stillast spørsmål ved slike rekneeksempel. Men det viser kor krevjande det vil bli å nå dei vedtekne måla for 2050.

Vi treng fornybar energi for å erstatte fossil energi til oppvarming, transport og drift av maskiner.

Vi har mykje av den teknologien som trengs for å komme bort i frå fossil energi. Men Klimautvalet peikar på at kompetanse, fornybar energi og areal er avgrensa ressursar. Arealdisponering har ein sentral plass i rapporten. Riktig arealdisponering reduserer klimautslepp og sikrar biologiske mangfald. Vi får stadig ny kunnskap om kor viktig ulike arealtypar både på land og under vatn er for opptak og lagring av klimagassar. Utvalet tilrår blant anna strengare nasjonale retningsliner for den kommunale arealforvaltninga.

Tilstrekkeleg tilgang på fornybar energi er heilt avgjerande for å nå klimamåla. Vi treng fornybar energi for å erstatte fossil energi til oppvarming, transport og drift av maskiner. På tross av at vi har mykje vasskraft, så er om lag halvparten av energiforbruket her i landet framleis fossilt. I tillegg har vi ei utfordring med prosessutslepp frå prosessindustri. Norsk industri har gjennomført store utsleppsreduksjonar. Men for å redusere prosessutsleppa ytterlegare vil det bli behov for store mengder fornybar energi.

På tross av at vi har mykje vasskraft, så er om lag halvparten av energiforbruket her i landet framleis fossilt.

Det er mange ulike syn på kor mykje fornybar energi vi treng i 2050. Prognosane avheng blant anna av politiske val når det gjeld ny grøn industri og energisparing. Utvalet peikar på at låge prisar på fornybar energi kan føre til raskare overgang til fornybarteknologi. Men på den andre sida kan låge prisar føre til mindre energisparing og større press på naturen. Utvalet konkluderer med at låge energipriser ikkje bør vere eit hovedmål for energipolitikken. Her saknar eg ei nærare drøfting av samfunnsverdien av stabile og moderate energiprisar og fordelingseffekten av høge prisar.

Klimautvalet konkluderer med at eventuelle negative fordelingseffektar av klimapolitikken i hovudsak bør handterast gjennom skattesystemet og velferdsordningane. Her gjer utvalet det litt for lett for seg. Fordelingspolitikken er ein av dei store snublesteinane i klimapolitikken. Vi ser aukande bruk av avgifter både i klimapolitikken og på andre område. Spørsmålet er om skattesystemet i tilstrekkeleg grad kan rette opp dei negative fordelingseffektane av denne utviklinga. Alt i dag at det vanskeleg å få gjennomslag for eit skatteopplegg som kan hindre at dei økonomiske forskjellane aukar.

Utvalet etterlyser ei grundig analyse av fordelingseffekten av klimapolitikken. Det er på overtid. Vi treng både analyse og forslag til tiltak dersom klimapolitikken skal få brei støtte. Klimautvalet drøfter bruk av reguleringar, men legg hovudvekta på avgifter. Dei er også innom kontantutbetalingar som karbonavgift til fordeling (KAF), men utan å løfte det fram som eit aktuelt tiltak.

Rapporten frå Klimautvalet gir god innsikt i den store oppgåva som ligg framfor oss. Den bør lesast av alle som ønskjer å engasjere seg i klimadebatten. Men utvalet tar for lett på den største snublesteinen som er tiltak for å unngå negative fordelingseffektar.