Dei aller fleste blei sette inn i vegarbeid. Tyskarane hadde store planar for utbygging av veg og annan infrastruktur i det nordafjelske Noreg. Statens vegvesen måtte stoppe anna veganlegg til fordel for dei prosjekta okkupantane ville ha gjennomført. Tyskarane «tilbaud» Vegvesenet å bruke fangar i arbeidet. Etter litt nøling blei dette godtatt.

Kristian Hagestad. Foto: Reidar Kollstad

Den nazistiske elitestyrken SS hadde ansvar for leirane første året. Deira regime var ekstremt brutalt. SS-folka meinte fangane var komne hit for å jobbe og utryddast. Maten var elendig og dagsrasjonane små. Arbeidsdagane var lange, klede og sko var ueigna for haust- og vinterbruk. Brakkene var primitive, sanitærforholda elendige og helsetilbodet fråverande. Mishandling var utbreidd. I perioden frå juni 1942 til mars 1943 døydde 73 prosent av fangane av svolt, sjukdom, ulykker og drap. Den tyske hæren overtok etter kvart ansvaret for leirane. Forholda blei da noko betre. Av alle dei jugoslaviske fangane i Noreg døydde 58 prosent.

Fangane møtte tre svært ulike grupper av nordmenn; norske fangevaktarar, personell frå Statens vegvesen og lokalbefolkninga.

Det var minst 400 norske vaktarar i leirane. Frå først av var dette mest hirdfolk og andre NS-medlemmer. Etter kvart kom det inn «vanlege folk», verva gjennom avisannonsar. Minst 50 fangar ble skotne av norske vaktar. Ein norsk hirdvaktar skreiv i eit brev i november 1942: «Jeg fikk ordre om å jage og plage dem, for disse skulle helst daua.» Etter krigen blei nesten 50 av vaktarane dømde for brottsverk i leirane.

Ein norsk hirdvaktar skreiv i eit brev i november 1942: «Jeg fikk ordre om å jage og plage dem, for disse skulle helst daua.»

Vegvesenet hadde også eige personell på anlegga. Dei hadde ikkje ansvar for fangane, men skulle gi dei opplæring. Vegvesenets folk hadde ikkje dårleg ry blant jugoslavane. Det blei sagt at dei hjelpte så godt dei kunne, men stod utan maktmiddel når fangar blei mishandla.

Dei minna om nordmenn som verkeleg sat spikra i sinnet til dei fangane som overlevde, var knytte til vanlege norske borgarar. Den brutale behandlinga jugoslavane fekk, utløyste sympati og støtte frå befolkninga rundt leirane. Fangar fekk mat, klede og medisin smugla inn i til seg. Dei få som klarte å rømme, fekk hjelp til å gøyme seg og til vidare flukt mot Sverige. Enkelte av nordmennene blei sjølve fengsla og måtte betale ein høg pris for innsatsen sin. Den mest kjente norske hjelparen var den vesle samiske kvinna Kirsten Svineng, som fangane gav kallenamnet «Mamma Karasjok».

Litt meir enn 1600 av dei jugoslaviske krigsfangane var i live da krigen tok slutt. Da dei var komne heim att, fortalte dei om hjelpa dei hadde fått frå sivile nordmenn. Historiene deira gjorde djupt inntrykk i Jugoslavia og var sterkt medverkande til dei tette relasjonane som snart utvikla seg mellom dei to landa i kvart sitt hjørne av Europa. Gjennom fire tiår eksisterte det eit nært vennskap mellom det vesle sosialdemokratiske kongedømmet Noreg i nordvest og den store kommunistiske føderalrepublikken i søraust.

Som takk for hjelpa til fangane blei om lag 90 nordmenn tildelte det jugoslaviske flagget med sølvstjerne frå den jugoslaviske presidenten Josip Broz Tito. «Mamma Karasjok» blei invitert til Beograd i 1957 og fekk varme gjensyn med menneske ho hadde hjelpt. Da Tito besøkte Oslo i 1965, fekk ho også møte landsfaderen. Han forsikra at det jugoslaviske folket aldri ville gløyme henne. Ho svarte at Jugoslavia alltid blei nemnt i kveldsbøna hennar. Ateisten Tito tykte vèl om det. I mai 1980 døydde både Tito og Svineng, han berre fire dagar før henne.

Ei strekning av dagens E6 på austsida av Saltdalsfjorden, eit par mil sør for Fauske, går framleis under namnet «Blodveien» på grunn av ei hending under krigen. Da ein jugoslav var blitt drepen, måla bror hans ein kross med blodet til den døde. Litt nord for Rognan finst det ennå ein raud kross på fjellveggen. I 1955 blei ordet «Blodveien» internasjonalt kjent gjennom eit norsk-jugoslavisk filmprosjekt. Sigurd Evensmo skreiv manuset, selskapa Norsk Film og jugoslaviske Avala Film stod for produksjonen.

Da Evensmo i 1955 besøkte ein filmfestival i Jugoslavia, dukka Tito og kona Jovanka uventa opp og ville treffe manusforfattaren. Honoraret som Evensmo fekk for arbeidet sitt, blei brukt til eit opphald i Jugoslavia på åtte månader i 1955 saman med kona Randi og barna. Resultatet blei ei hjartevarm bok om landet med tittelen «Østenfor Vest og vestenfor Øst», som framleis er høgst leseverdig. I Evensmos sjølvbiografi «Ut i kulda» frå 1978 kan ein lese meir om soga bak «Blodveien».

Lagnaden til dei jugoslaviske fangane utgjer eit dystert kapittel i historia om den tyske okkupasjonen av Noreg under andre verdskrig. Boka mi «Jugoland» frå sist haust har eit eige kapittel med meir utfyllande omtale av denne soga, som åtti år seinare fortener å bli løfta fram.