• Bortsett frå i NRK er former som jorden og solen vanlegare enn jorda og sola! skriv forfattaren av kronikken.

Norsk skriftspråk – kven påverkar skrivinga vår?

I dagens samfunn er me avhengige av å meistra skriftspråket. Det finst likevel mange som kvir seg for å skriva – i alle fall utanom reint private samanhengar – fordi dei fryktar at dei ikkje meistrar den «rette» måten å skriva på i ein gitt situasjon.