Han får seg ein solid plass i lista mi over bokmålsskrivande vener av nynorsken.Faktisk så har eg den siste tida bare opplevd utruleg positive haldningar til målforma. Kan det vere del av ei haldningsendring som så smått er på gang?

Dei fleste som bur i landet er glad i det og opptekne av at me må ta vare på det som er typisk norsk. Nå er det jo slik at mykje me ser på som typisk norsk, viser seg å vere forma på impulsar frå andre kulturar, bunadane til dømes. Men det er underleg at det norske skriftspråket som er utvikla på bakgrunn av talemålet til folk, på ei tid då landet var i ferd med å kome til seg sjølv att etter å ha vore underlagt Danmark i mange hundre år.

Nynorsken til liks med mykje anna har blitt utvikla etter som tida har gått. Men at det er nynorsken som er det eigentlege norske språket står fast. Kan hende tenker dei fleste ikkje over i kor stor grad, trass alt, nynorsken har prega utviklinga av landet vårt. Noreg hadde vore eit heilt anna samfunn utan nynorsken. Eg avsluttar med eit lite dikt av Olav.H. Hauge:

Eg har tri dikt,

sa han.

Seg telja dikti.

Emily kasta dei

i ei kiste, eg

kan ikkje tru ho talde dei,

ho sprette berre ein tepakke

og skreiv eit nytt.

Det var rett. Eit godt dikt

Skal lukta av te.

Eller av rå mold og nykløyvd ved.