Vi får dagleg dramatiske meldingar om nedbemanningar i oljeindustrien som er den dominerande bransjen i regionen. I denne situasjonen vel Høgre å argumentere for ein næringspolitisk laissez-fair-politikk

I sitt svar til meg her i avisa er Harald Fauskanger Andersen (Høgre)opptatt av at vi ikkje må bruke offentlege middlar til å stimulere marknaden for grøn teknologi. Men det er nettopp marknaden som er flaskehalsen i grøn næringsutvikling. Det offentlege brukar store summar på utvikling av ny teknologi. Men vi kjem ikkje vidare utan ein marknad som etterspør produkta. Offentlege innkjøp er eit kraftig verkemiddel for å utvikle ein marknad for miljøvennlege produkt og bygge opp miljøvennleg industri.

Andersen nyttar også høvet til å slå eit slag for næringsnøytralitet som er Høgre sitt mantra i næringspolitikken. Men denne strategien kjem til kort overfor dagens dramatiske omstillingsbehov. No trengst det større grep og eit breitt samarbeid mellom næringsliv, akademia og offentleg sektor for å utvikle nye næringsvegar. Høgre i Vest-Agder kan jo begynne med å gå inn for forslaget frå SV og MDG om å ta initiativ til eit næringskluster for miljøteknologi på Agder.