Kring meg står heiane svarte

med nakne skjelvande tre

vinden ular og rasar

prøver å få meg i kne -

då ser eg ei tuve med gamalt gras

stå som eit lysande teikn

raude bær blenkjer

på tyttebærlyng

gøymd melleom ur og stein,

glad ser eg sommaren lever

om haustmørkret rår over jord,

eg stryk dei takksam dei tapre små,

dei gjev meg mot til å kjempe

når stormen ein dag vil meg nå.