Hemmeleghaldet har gjort det vanskeleg å få opplysningar frå forhandlingane, men på bakgrunn av lekkasjar frå EU og andre kjelder, har European Trade Union Institute (ETUI) i november 2015 publisert rapporten «TTIP: kva vil det ha å seia for oss — kva er alternativet?» Fordi Noreg er så tett bunde til EU gjennom EØS-avtalen, er opplysningane som kjem fram i denne rapporten, også viktige for oss.

Multinasjonale storkonsern har vore aktive pådrivarar og rådgjevarar i forhandlingane.

Både EU og USA hevdar at avtalen vil føra med seg store økonomiske føremoner, ikkje minst for EU, som hevdar at avtalen ber i seg lovnader om å løfta EU ut av depresjonen og føra til sterk økonomisk vekst og stor jobbskaping. EU-kommisjonen ga Centre for Economic Policy Research (CEPR) i oppdrag å undersøkja dette. CEPR fann at ein i beste fall kunne rekna med ei auke i BNP på 0,5 % over 10 år og ingen auke i tal på arbeidsplassar. Den amerikanske tenkjesmia Bertelsmann Foundation kom fram til at avtalen ville føra til ein auke på 2.436.000 arbeidsplassar. EU-kommisjonen derimot har slege fast at dette var høgst urealistisk og bygde på tvilsam bruk av forskingsdata.

Hemsko for liberalisering

Multinasjonale storkonsern har vore aktive pådrivarar og rådgjevarar i forhandlingane. Offentlege reguleringar vert for det meste sett på som ekstra kostnader og ein hemsko for liberalisering. Sidan det er bortimot risikofritt å investera innanfor helse og utdanning når staten er ein sikker betalar er av avreguleringa TTIP skaper ei gåvepakke til private investorer. TTIP vil såleis vera eit trugsmål mot opparbeide rettar i arbeidslivet og skapa rom for avregulering av sikkerheitsstandardar for matvarer, miljø og forbrukarvern.

Gjennom voldgiftsdomstolen kan investor reisa sak mot statar og krevja kompensasjon for tap av framtidige inntekter dersom endring av lover og reglar påverkar investor sine moglegheiter for profitt

Det mest kontroversielle i forhandlingane mellom EU og USA er om ISDS, (Investor-State- Dispute-Settlement) voldgiftdomstolen, skal vera del av avtalen. I dei fleste tosidige investeringsavtalar er ISDS med. Gjennom voldgiftsdomstolen kan investor reisa sak mot statar og krevja kompensasjon for tap av framtidige inntekter dersom endring av lover og reglar påverkar investor sine moglegheiter for profitt. I voldgiftsdomstolen sit tre advokatar som i kvart tilfelle vert plukka ut frå ei liste over amerikanske advokatar, etablerte i Washington DC. Forhandlingane er hemmelege og avgjerdene er bindande for avtalepartane og kan ikkje appellerast. Med andre ord: Autonome statar overfører nasjonal suverenitet til eit internasjonalt tribunal utan moglegheit til å prøva sakene for eigne domstolar.

Les også :

Reglane er uklåre

Tribunalet arbeider etter svært strenge retningsliner. Avgjerder i 514 tidlegare saker viser at domstolen berre tek omsyn til investor sine kommersielle interesser. Sosiale rettar, miljøomsyn eller styresmaktene sin rett til å endra eller vedta lover og reglar, skal det ikkje takast omsyn til. Reglane er uklåre og oppfyller ikkje krav til uhilda avgjerder. Dette har ført til at mange statar vegrar seg for å utfordra investorar. Eit døme på dette er New Zealand som let vera å innføra åtvaring om kreftfare på sigarett— og tobakspakningar for ikkje å utfordra tobaksgiganten Philip Morris. Statistikken viser at investorar har vunne fram med krav om økonomisk erstatning i mellom førti og femti prosent av søksmåla, og mange av sakene har vore førde mot u-land som har lite å stilla opp med mot resurssterke internasjonale storkonsern. Erstatningssummane kan vera enorme. Ecuador vart dømt til å betala over 2.4 milliardar dollar i erstatning for å ha oppheva ein kontrakt med Occidental Petroleum jamvel om selskapet hadde brote ekvadoriansk lov.

Uråd å retta opp

Dersom ein ikkje har teke atterhald om at visse område skal haldas utanfor avtalen, er det uråd å retta opp dette seinare. Investor går ofte til sak på grunnlag av endra lov- og regelverk. Eit døme er frå 2012 då det franske serviseselskapet Vecilia reiste sak mot Egypt då landet sette i verk ei lov om minsteløn. Slovakia reviderte helselovene i 2007 og 2009 for å hindra kommersiell utnytting. I 2014 vann det nederlandske assuranseselskapet Achmea II fram med krav om økonomisk kompensasjon. I Noreg må folkehelsa sannsynligvis vike. Helseministaren vår arbeider for tida med å innføra ei lov om nøytral tobaksreklame. Får han ikkje innført denne lova før EU og USA har ferdigforhandla TTIP og TISA avtalane, får Noreg garantert søksmål frå tobaksindustrien om kompensasjon for tapte inntekter. Også innanfor EU er det sterk motstand mot å inkludera ISDS-instituttet i ein framtidig avtale. I USA er det også ei aukande skepsis til frihandel. Det er blant anna denne opinionsdreiinga Donald Trump har vunne fram på når han angriper handelsavtalar som kan utkonkurrere USA og den jamne amerikanar.