Er det noko sola er kjent for, så er det at ho står opp att! Ørnhøi har rett i at eg er glad for det gode budsjettforliket. Han siterer nokre bibelord frå Forkynnaren. Blar du litt vidare, Ørnhøi, vil du òg lese at «det beste mannen kan gjera, er å gleda seg i sitt arbeid». Kloke ord! Det er gode grunnar til å glede seg til framtida for partiet mitt. I grunnen er det sant som Ørnhøi skriv: Kristeleg Folkeparti er meir enn eit vanleg parti. Det som først og fremst skil KrF frå dei andre, er at vi står på eit meir solid verdigrunnlag. Til skilnad frå andre parti vart ikkje KrF stifta for å målbere dei materielle interessene til ei bestemt gruppe i eit industrisamfunn som no er historie. Målet var å drive politikk ut frå eit sett verdiar som bør prege samfunnet. Slik er det framleis. Det kristne menneskesynet, forvaltaransvaret og nestekjærleiken styrer også i dag KrFs virke. Som einkvar vil kunne stadfeste, har ikkje desse verdiane vorte overflødige. I ei tid der dei materielle behova er dekte hos det store fleirtalet, vil det vere rom for eit parti som vil noko meir enn å fordele pengar til særinteresser. Ørnhøi synest ikkje det ville vore merkverdig om eg opphaveleg hadde stilt på liste for Arbeidarpartiet. Vel, KrF står saman med sosialdemokratane i viljen til å fordele goda rettvist. Vi har same ønskje om meir solidaritet med dei svakaste. Men Ørnhøi går glipp av eit par sentrale poeng om han stoppar her. For det er viktige skilnader som gjer at kristendemokratiet er eit alternativ til sosialdemokratiet. Den kristendemokratiske ideologien likestiller våre materielle og åndelege behov. Kvart einskild menneske har ein uendeleg verdi. Venstresida derimot, har gjennom historia vist at ho primært set dei materielle behova til mennesket og interessene til kollektivet først. Men kristendemokratiet har òg ein klar brodd mot liberalismen, som gløymer fellesskapsinteressene. Derfor er kristendemoratiet eit sjølvstendig, tredje alternativ til både sosialismen og liberalismen. Mennesket treng fellesskap med andre. Først kjem familien, grunncella i samfunnet. Deretter kjem til dømes frivillige organisasjonar, bedrifter og lokalsamfunn. Det er desse fellesskapa som til saman utgjer samfunnet — ikkje den offentlege statsstrukturen. Dei ulike fellesskapa må i stor grad få bestemme over seg sjølv. Staten kjem til sist og samordnar funksjonane mellom dei ulike gruppene. Samfunnet vert med andre ord bygd nedanfrå. Fellesskapet er til for mennesket, ikkje omvendt. Nettopp derfor treng vi eit sterkt sikringsnett med sterke og breie velferdsordningar, men òg meir målretta tenester. Seinast i arbeidet med statsbudsjettet såg vi døme på saker der det kristendemokratiske KrF og venstresida tenkjer ulikt. Ap vil kutte kontantstøtta, støtta til friskulane og skattefrådraget for gåver til frivillige organisasjonar. For KrF er dette viktige saker fordi vi vil styrke andre fellesskap enn dei statlege, slik som familiane og frivillige organisasjonar. Eg kan òg nemne KrFs skulepolitikk, som vil at endringar i skulen skjer nedanfrå. Og ikkje minst: Debatten om bioteknologien og sorteringssamfunnet, der KrF held fast på det ukrenkjelege menneskeverdet. Men budsjettarbeidet viste òg at KrF og Ap har samanfallande syn i fleire saker. Store fellesskapsoppgåver som kampen mot arbeidsløysa, velferda i kommunane og helse er døme på dette. Samstundes står kristendemokratiet og marknadsliberalismen milevidt frå kvarandre. Solidaritet med dei svake og klok forvalting av naturressursane er viktige stikkord her. Marknadsliberalismen har aldri vist seg skikka til å ta hand om miljøet og dei svake. Der i garden er det fridom utan ansvar som rår. I kristendemokratiet kan ikkje fridomen og ansvaret løysast frå kvarandre. Vi er forplikta til å føre ein politikk som tener slektene etter oss. Det langsiktige skal gå framfor det kortsiktige. Vi vil byggje på den kristne nestekjærleiken. Egoismen skal ikkje få vere drivkrafta i samfunnet. I staden skal vi fremme sosial tryggleik og velferd, og oppmode alle om å ta samfunnsansvar. Omsorga for dei svakaste skal styre. Her er det ikkje hjelp å hente hos marknadsliberalistane. Eg meiner bestemt at KrFs verdipolitikk kan tenne fleire enn kjernetroppane i partiet. Ingen andre parti sameiner eit klart forsvar for menneskets uendelege verdi i den nasjonale politikken, med eit like klart forsvar for verdas fattige og for miljøet. Midt i velstanden trur eg norske kvinner og menn ønskjer større mål for samfunnet enn materialismen og egoismen. Eg trur der er vilje til å sjå lenger enn til nasetippen. For å seie det med orda til Dag Hammarskjöld: «Hunger etter fellesskap, hunger etter rettferd - eit fellesskap bygd på rettferd, og ei rettferd vunne gjennom fellesskap.»