Neste år kan dei spare meir enn 300 millionar! Er dette klok politikk av dei blåblå?

Nokre av desse vil kanskje starta, eller utvide, verksemda si ved hjelp av desse pengane, men lite forsking viser det. Rikingane har stor villa med flott inventar, hytte eller hytter, fleire dyre, flotte bilar, seglbåt. Dei kan altså ikkje kjøpe stort meirfordi dei har alt og vel så det. Det er altså avgrensa kor mykje meir kaksane kan kjøpe. Dei gjev såleis lite oppdrag til næringslivet til å auke produksjonen og velstanden.

Mange menneskje på jorda lever frå hand til munn. Noreg har færre. Slike har lita kjøpekraft, men dei saknar mykje. Difor går vare-produksjonen i industrien sakte rundt - særleg no for tida. Viss dei blåblå kasta seg rundt og gav dei mange fattige mindre skatt i staden for dei rike, ville dei kunne kjøpe mykje meir av alle ting, og produksjonen og velstanden for alle ville auke. På denne måten har Noreg greidd seg betre enn andre inntil dei to siste åra.

I Noreg er det venstresida som har omtanke for dei svake som tener mindre, medan dei blåblå har endra seg til særparti for dei rike. Skammeleg!