Me håpar sjølvsagt at andre gjer det same, for elles vert all skrivinga forgjeves.

Etter å ha skrive om familien om kor godt me har det, kjem verdenssituasjonen inn over oss. Me tenker på alle dei som ikkje har det så godt, og lurer på om me skal skriva nokre linjer om dette i julebrevet. Eg tenker: «Me må!» Me kan ikkje berre la dei vera utan stemme.

«Når eit lem lider, lider heile kroppen.»

Sit i grenseland

I byen vår i dag har me flyktningar. Nokre er økonomiske flyktningar. Andre har kome fordi det vart vanskeleg å bu i landet. Men det er ikkje desse som gjer at «kroppen lider» i dag. I dag er det dei som enno ikkje er komne inn i landet, dei som ikkje har fått opphaldsløyve og dei som sit i grenseland som me tenker på.

«Når eit lem lider, lider heile kroppen.»

— Kor kjem dei harde hjertene ifrå? Dei som ikkje ser på flyktningen som eit menneske i naud?

Flyktningar er på veg inn i landet vårt og våre styresmakter ser helst at dei reiste heim igjen til det landet dei kom ifrå, eller eit naboland, ein flyktningleir, eller noko. Kva om Norge vert ramma av ei tilsvarande krise: Ville då nordmenn bli godt tatt imot av dei som me stengde ute?

«Når eit lem lider...»

— Kor kjem dei harde hjertene ifrå? Dei som ikkje ser på flyktningen som eit menneske i naud?

— «Men kvar skulle pengane koma frå?»

— Kven tenker på pengar når skuta går ned? Då er det menneskeliv som skal reddast. Det er ei plikt, til sjøs, å plukka opp folk i naud. Det skulle vera ei plikt også når ein nasjon går under å plukka opp dei som overlever. Dei spør ikkje etter halvmåne eller krusifiks men ein trygg stad.

«Når eit lem lider...»

Gjera godt mot kvarandre

Pengar? Bruk velstandspengane, oljerikdomen og pensjonsfondet. Skulle tru det er nok å ta av.

«Når eit lem lider...»

Gud gje oss mot til å dele heile vår overflod med alle som treng det.

Det er adventstid. I julefilmar, i alle fall amerikanske, får me høyra: «Jula handlar om å gjera godt mot kvarandre.» Det er feil: Livet handlar om å gjera godt mot kvarandre. Det gjeld ikkje berre i jula.

«Når eit lem lider...»

Flyktningane: Dei kjem ikkje hit for å leva på sosialstøtte. Dei som kjem ynskjer heller ikkje å gå ledige. Tenk om staten kunne sjå på dei som kom som «villige hender» til arbeid og dele ut arbeidsløyve med ein gong?

«Når eit lem lider, lider heile kroppen.»

Gud gje oss mot til å dele heile vår overflod med alle som treng det.