Du stiller eit spørsmål i innlegget ditt i Fedrelandsvennen tysdag 6.1. Eg er litt usikker på kva du eigentleg meiner, men spørsmålet lyder: Kva vil humanetikarar? I innlegget ditt hevdar du at humanetikarane fordømmer kronisk sjuke. Kor har du henta det? Du påpeikar også at humanetikarane ser ut til å basere mye av sin tro på en forenklet virkelighet basert på den gamle og til dels utdaterte fysikken (sitat). Humanetikarane har ikkje ei tru, dei har eit livssyn. Det livssynet er ikkje basert på gammal og utdatert fysikk, men på kritisk tenking, fornuft og vitskap. Humanetikarane er ikkje ute etter å arbeide mot kristendommen. Dei arbeider ikkje mot religion for øvrig. Men dei vil gjerne at eit pluralistisk samfunn skal fungere på ein slik måte at alle kan kjenne seg heime i det. Derfor vil dei skilje stat og kyrkje. Dei vil og gje tilbod om humanistiske seremoniar til livets store markeringar — noko alle samfunn har gjort så lenge det har vore menneske på jorda. Eg foreslår at du les prinsipprogrammet til Human-Etisk Forbund slik at du er innforstått med kva humanetikarar vil. Det står der - alt saman.