Han les visst Bibelen bokstav for bokstav. Såleis er han ortodoks. Bibelen er absolutt hans bok. Dette blir for einsidig, Iglebæk. Eg bad han skaffe seg bøker om evolusjonen som kanskje ville opne augo hans, men slikt overser han galant, og lukkar augo.

Lapskausen av mytologiar, religionar, legender og historie frå heile Midt-Austen, som det er fortalt om, har sin parallell i Skandinavia. Dei hadde himmelen Valhall og Helheimen. Dei hadde også ei stor mengde gudar, jotnar og dvergar. Dei hadde ein munnleg fortellar-tradisjon. Skriveevne hadde dei lite av. Begge stader, både i nord og sør, flaut mytologiar og religionar saman for folk. Mange trudde fullt og fast på dei mytiske gudane begge stader.

Årsaka til at folk over alt på jorda trur på gudar kan vera våre religiøse genar. Genane fins biologisk i hjernen vår. Difor fornemmar mange at gudar fins. (Vi har også musikalske genar) Når det fins opptil 10.000 religionar, blanda med mytologiar, kan religiøse genar vera grunnen. Viss ikkje: bevis guden din, Iglebæk!