Men medieengasjementet og handlekrafta når ikkje dei same høgdene når klimakrisa er på dagsorden. Klimatoppmøtet i Parisblir nærmast ein parentes i mediebiletet og den politiske debatten. Held vi fram som vi stemnar, går vi mot ein miljøkatastrofe som kan skape større og meir aggressive flyktningstraumar og folkevandringar enn dei vi ser i dag.

Det er brei semje blant klimaforskarar om at vi må redusere bruken av fossile energi som kol, olje og gass, og det er inga tid å miste. I følgje klimapanelet i FN må vi redusere utsleppa av klimagassar med mellom 40 % og 70 % innan 2050. Før år 2100 må utsleppa vere praktisk talt null. Det betyr at to tredeler av dei kjente førekomstane av fossil energi må bli liggande under jordskorpa dersom vi skal avgrense den globale oppvarminga til to grader og redde klimaet på jorda.

Klimakrise med store konsekvensar

ALF HOLMELID

Vi får stadig ny dokumentasjon som viser at vi går mot ei klimakrise med store konsekvensar for livsgrunnlaget på jorda. Havnivået vil stige, og matproduksjonen både på land og til havs vil bli hardt ramma. Vi ser alt dei første konsekvensane av klimakrisa i form av meir ekstremver. Som vanleg i internasjonale kriser er det dei fattige som blir hardast ramma og i mange tilfelle jaga på flukt. På tross av alt dette, er det mange som nektar å ta alvoret inn over seg, eller som har gått lei av å engasjere seg.

Dei rike landa, ikkje minst Noreg, har bygd sin velstand på utvinning og forbruk av fossil energi.

På klimatoppmøtet i Paris i desse dagar skal landa legge fram forslag til reduksjon i eigne klimautslepp. Men dei kutta som er meldt inn, er langt i frå tilstrekkeleg til å redde klimaet til våre barn og barnebarn. I tillegg står vi overfor eit alvorleg fordelingsproblem. Dei rike landa, ikkje minst Noreg, har bygd sin velstand på utvinning og forbruk av fossil energi. Utsleppa per innbyggar i mange utviklingslander berre ein liten brøkdel av utsleppa per innbyggar i rike land som Noreg. Kor lenge kan vi rekne med at dei fattige lande finn seg i denne urettferdige fordelinga av ein global fellesressurs?

Miljøvennleg produksjon

Norsk oljeindustri prøver å grønvaske sin aktivitet ved å hevde at produksjonen er meir miljøvennleg her enn i andre land. Det er positivt at norsk oljeindustri satsar på miljøvennleg produksjon. Men vi snakkar om marginale forbetringar i forhold til å gå over til fornybare energikjelder. Dessutan er det urimeleg å forvente at fattige land skal la sine ressursar ligge slik at vi kan ta ut alle våre. Skal vi ta klimaansvaret på alvor og bygge arbeidsplassar for ei klimavennleg framtid, må vi gjere oss mindre avhengige av oljeindustrien. Vi kan heller ikkje sløse med energi sjølv om den er fornybar. Så lenge noko av energiproduksjonen er basert på fossil energi, må vi spare på all energi.

Det er ikkje lett å skilje kreativ «grønvasking» frå gode klimatiltak

Åtvaringane frå forskarane blir stadig tydlegare, men det ser ikkje ut til at alvoret sig inn. Samtidig ser vi at det blir vanskelegare for folk flest å orientere seg om kva som er god klimapolitikk. Det er ikkje lett å skilje kreativ «grønvasking» frå gode klimatiltak. Kommersielle aktørar reklamerer gjerne med klimavennlege detaljer og «gløymer» å ta med heile klimarekneskapen. Betre blir det ikkje av at ein del ekspertar bidrar til å ta motet i frå folk. Dei er opptatt av vise kor lite effekt vi får av det vi prøver å bidra med til dagleg som for eksempel søppelsortering. Men dei viser ikkje den same engasjementet for å kjempe fram meir effektive tiltak.

Klimakrisa blir lettare ein salderingspost

Finanskrise og flyktningkrise får politikarane til å vise handlekraft. Men klimakrisa er meir snikande og blir lettare ein salderingspost. Vi ser det i årets statsbudsjett frå den blåblå regjeringa. For å løyse den akutte flyktningkrisa her i landet kuttar regjeringa og stortingsfleirtalet kraftig i støtta til klimatiltak i utviklingsland. Det viser at vi har store problem med å ta verdas største utfordring på alvor. Misslukkast vi i kampen mot global oppvarming, kan vi oppleve større utfordringar enn dagens flyktningkrise.

Med strategien for Paris-møtet kjem ansvaret for klimakrisa nærmare oss.

Arbeidet for å komme fram til globale klimaavtaler har ikkje gitt dei resultata som mange håpa på. Kvotesystemet fungerer ikkje, og visjonen om ein global karbonpris har blitt ei sovepute. Miljørørsla har lenge hevda at vi ikkje kan vente til vi får på plass forpliktande globale avtaler. Vi må handle lokalt og nasjonalt og satse på at fleire kjem med etter kvart. Dette synet ligg til grunn for klimatoppmøtet i Paris der landa skal melde inn sine forpliktande klimamål.

Tenkje globalt og handle lokalt

Med strategien for Paris-møtet kjem ansvaret for klimakrisa nærmare oss. Vi må tenkje globalt og handle lokalt. Klimaansvaret ligg like tungt på kommunestyret i Kristiansand som på den norske regjeringa og på klimatoppmøtet i Paris. Å vente på dei store globale grepa har vist seg å vere eit feilspor. Vi må alle handle der vi er. Kan vi forvente at bystyret i Kristiansand, fylkestinget i Vest-Agder, Sørlandets kompetansefond, Universitetet i Agder og andre samfunnsaktørar tar sitt ansvar og viser at vi har innsett alvoret?