I midten av februar starta rettsoppgjeret med Raude Khmer-epoken, det kambodsjanske marerittet frå april 1975 til januar 1979. Regimet til Pol Pot ville gå meir radikalt til verks enn kinesarane under kulturrevolusjonen. Klokka skulle stillast tilbake til år null. Byane blei tømte for innbyggarar. Landsbygda og matproduksjonen skulle utviklast. Intellektuelle ble sett på med forakt og mistru. Motstandarar av revolusjonen måtte utryddast. Jakta på indre fiendar overgjekk Stalin-prosessane på 1930-talet.

Kor mange menneske som mista livet 1975-79, er uvisst. Tala varierer mellom 700.000 og tre millionar. Dei fleste kvalifiserte anslaga endar på halvannan til to millionar, mellom ein fem— og ein firedel av befolkninga. Storparten døde av svolt og sjukdom, ein del av direkte krigshandlingar. Og mange blei avretta, truleg fleire hundretusen. Det gjaldt både kvinner og menn; barn, vaksne og oldingar. Tortur var fast rutine før ofra blei drepne, hensikta var å presse fram namn på «medsamansvorne».

Det internasjonale tribunalet mot Raude Khmer har vore samanlikna med Nürnberg-domstolen. Samanlikninga blir mest interessant når ein ser på skilnadene. I Nürnberg starta rettssakene eit halvt år etter at andre verdenskrigen var slutt, og blei unnagjort på mindre enn eitt år. Tjuefire nazitoppar blei stilte til ansvar. Tolv av dei fekk dødsdom. Prosessen skjedde på premissa til dei allierte sigerherrane. Det som hende, vedkom lite den vanlege tyskaren.

Tribunalet i Phnom Penh er som om Nürnberg-domstolen skulle ha opna 1975, og da med ein einsleg gestapist på tiltalebenken. Dødsstraff skal ikkje nyttast. Retten er blitt til i samarbeid mellom Kambodsja og verdenssamfunnet. Av dei fem dommarane er tre frå vertslandet, ein frå Frankrike og ein frå New Zealand. Interessa for det som skjer, er stor blant vanlege kambodsjanarar, både dei som opplevde redselsåra og det fleitalet som er fødde etter 1979. Førebels er Kaing Guek Eav aleine på tiltalebenken. Under regimet til Pol Pot var han under namnet kamerat Duch leiar for tryggingstenesta sitt forhørssenter Toul Sleng – med kodeord S-21 – i Phnom Penh. Meir enn 17.000 menneske var innom der før dei blei sendte vidare til dødsmarkene utafor byen. Da aktiviteten var på topp, var leveransen til bødlane gjennomsnittleg 100 fangar dagleg. Alt blei omhyggeleg dokumentert. Alle fangane blei fotograferte. Det blei ført protokoll frå forhøra, der torturofra skreiv under «tilståingane» sine. Tiltalen mot Duch omfattar direkte ansvar for tortur av meir enn 15.000 personar.

Forhandlingane om oppretting at tribunalet mot Raude Khmer starta i 1997, avtale blei inngått i 2003, men først i år er rettsaka i gang. I mellomtida er Pol Pot – statsminister i «Demokratiske Kampuchea» – død (1998). Forsvarsminster Ta Mok – også kalt slaktaren – døde i fangenskap 2006. Fire andre kameratar sit fengsla og er under innleiande forhør. Men dei er gamle, i alderen 77 til 84 år, og er helsemessig skrøpelege. Det blir spekulert i om prosessen vil bli trekt ut slik at Duch blir den einaste dømte.

Uthalinga av prosessen frå 1997 til 2009, samansetninga av tribunalet og oppstarten med éin tiltalt må sjåast i samanheng med at verken vertslandet eller verdenssamfunnet ønskjer full opprulling av Raude Khmer-perioden. Mange av makthavarane i dag – blant dei statsminister Hun Sen og leiar Heng Samrin i nasjonalforsmalinga – har ei fortid i Raude Khmer. Hun Sen leiar det demokratiske folkepartiet. Ved hjelp av tøffe valkampar, triks og kupp har han klart å halde seg ved makta sia 1985. Propagangaplakatane for partiet er like talrike som ølreklamar (og det seier ikkje lite) både i byane, langs landevegen og på landsbygda.

USA, Thailand og Kina er også tente med at ikkje heile historia kjem fram. Den amerikanske krigen i Kambodsja 1968-72 la grunnlag for framgangen til Raude Khmer. Teppebombinga var massiv og tilsvarte halvannan gong den samla bombestyrken frå dei allierte under andre verdskrigen. I 1970 gjekk bakkestyrkar frå USA og Sør-Vietnam inn i Kambodsja. Den amerikanske krigføringa kosta om lag ein kvart million mennskeliv og skapte ein intern flyktningestraum. Folketalet i Phnom Penh blei tredobla. Tømminga av byane våren 1978 må sjåast i samnheng med denne situasjonen.

Kina støtta heilhjerta opp om Demokratiske Kampuchea. Da Vietnam etter talrike grensekrenkingar og drap på sivile vietnamesarar frå Raude Khmer si side invaderte Kambodsja i desember 1978 og etter to veker jagde Pol Pots menn opp i nordvestlege grensestrok mot Thailand, da fann USA og Kina kvarandre og fekk verdenssamfunnet med seg. Invasjonen blei erklært folkerettsstridig. Det nye Vietnam-støtta regimet blei ikkje anerkjent. Pol Pot og hans allierte sat på Kambodsjas plass i FN fram til 1994. Omtrent samtidig som Vietnam gjekk inn i Kambodsja, hylla ein heil verden Tanzania for å ha invadert Uganda og frigjort landet frå Idi Amin sitt regime, eit styre som truleg kosta omtrent like mange menneskeliv som USAs krigføring i Kambodsja.

Frå sitt hovudkvarter i jungelen levde Raude Khmer etter 1979 vidare som geriljarørsle, først aleine, seinare i koalisjon med nasjonalistiske grupper. Når det blei for heitt på kambodsjansk jord, kunne dei søke tilflukt i Thailand, der dei også fekk makt over flyktningeleirar. Allierte av Raude Khmer fekk på 1980-talet opplæring i landmineteknikk av britiske spesialrådgivarar i Malaysia. USA støtta den nasjonalistiske kambodsjanske koalisjonen med 15 millionar dollar årleg. Først mot slutten av 1990-talet gjekk Raude Khmer i indre oppløysing; etter vietnamesisk tilbaketrekking og fredsavtale i 1990 og gjennomføring av frie val i 1993. Kamerat Duch, som blei ein kristen i 1996, kjenner seg i desse påsketider kanskje att i soga om syndebukken i tredje Mosebok. Israelittane la alle syndene sine på hovudet av ein bukk, som så blei driven ut i ørkenen med alle syndene til folket.