Men desse er tilbakevist gong på gong av Difi, Fafo og fagfolk frå UIB og UIT.

Ei rekkje undersøkingar slår tvert om grundig fast at dei innbyggarane som er mest nøgde med dei kommunale tenestane, er dei som bur i små herad! Dette har dei fleste av oss visst lenge. Kvifor dette hardkøyret frå Sanner, Vabo og NHO? Det dreiar seg om privatisering, sentralisering og profitt, medan staten betalar. Dagens Næringsliv viste i november at Norlandia-eigarane hadde blitt milliardærar på drift av barnehagar, sjukehotell og sjukeheimar. Dei blåblå hjelper alltid dei grådigaste.